Fiskedisk m Christian Chramer innfelt foto Marius Norges Sjomatrad
NEDGANG: Heller ikkje i fjor greidde sjømatnæring å få auke forbruket av fisk- og sjømat i Noreg. Prisauke er hovudårsaka seier administrerande direktør Christian Chramer i Norges Sjømatråd (innfelt). Foto: Marius Rosbach/Norges Sjømatråd
Nytt

Prisen skremmer kundane vekk frå fiskedisken

Sjømatnæringa har ikkje greidd å snu nedgangen i sjømatkonsumet på heimebane.

10.01.2025

Fisk er den proteinkjelda som har auka mest i pris sidan 2015. Det er hovudårsaka til at nordmenn et mindre fisk, skriv administrerande direktør Christian Chramer i Norges Sjømatråd i ein e-post til Nett No.

Chramer har salsstatistikk frå butikkane til og med november 2024, som viser at nedgangen i det norske sjømatforbruket held fram også i 2024. 

Det er snakk om ein nedgang på to prosent samanlikna med 2023, målt i kilo fisk og annan sjømat. I kroner er det ein auke på 3,3 prosent - til 9,1 milliardar kroner.

Laks er det viktigaste fiskeslaget målt i verdi, og er også eit fiskeslag som har auka mykje i pris.

 Samanlikna med 2022 har det vore ein prisauke på 26 prosent per utgangen av november 2024. Målt i vekt har det vore ein nedgang i forbruket av laks på 16 prosent fra 2022 til 2024. 

Og i fjor var volumnedgangen så stor at salet av laks i norske butikkar vart redusert også målt i verdi. (Ned 3,4 prosent, til knappe to milliardar kroner, red. anm).

Nådde ikkje målet
I handlingsplanen for betre kosthald frå 2017 sette Helsedirektoratet eit mål om å få opp det norske forbruket av fisk med 20 prosent. Fasit blei eit fall på 13 prosent, skreiv Nett No i februar 2024.

– Det kler oss dårleg som verdsmeister i sjømateksport, sa administrerande direktør Christian Chramer då om utviklinga i den norske marknaden. 

Han fortalde og at Sjømatrådet i 2024 skulle bruke 30 millionar kroner for å få nordmenn til å ete meir fisk, og vere med og snu trenden.

Tala per november 2024 viser målet om å snu trenden ikkje vart nådd i fjor. Nedgangen har tvert i mot halde fram.

Fleire negative faktorar
Pris er den viktigaste årsaka, men sjømatnæringa slit også med fleire negative faktorar på heimebane, ifølgje Chramer:

  • Forbrukarane opplever at de dei får reduserte kjøpekraft, og ser etter billegare alternativ.
  • Matvanene endrar seg. Pizza, pølser, svin og kylling skyt fart. Sushi-trenden hjelper på, men først og fremst i større byar - og har blitt relativt mykej dyrkare enn for eksempel pizza.
  • Reine sjømatprodukt går fortare ut på dato og gir svinn. Det gjer det meir krevjande for butikkane, som i sin tur går ut over hylleplassen.
  • Barn seier ofte at dei ikkje likar fisk.

Chramer peikar mellom anna på at produktuvikling er viktig for å få forbruket opp. Det må både utviklast nye produkt for å freiste fleire til å legge fisk og annan sjømat på tallerkenen. Det trengst óg løysingar for å halde fisk og sjømat frisk lenger, for å gjere det lettare for butikkane.

24,5 millionar kroner
I år er Norges Sjømatråd sitt budsjett for å auke sjømatforbruket innanlands på 24,5 millionar kroner.

Pengane skal mellom anna brukast knytt til kampanjar hos butikkjedene.

Importerer prisauke
Prisauken på sjømat i Noreg er delvis eit resultat av ei valutakurstutvikling. Det har vore gunstig for eksporten av norsk sjømat. I fjor vart det nok eit rekordår for sjømateksporten - 174,5 milliardar kroner.

Valutakursutvikla har gjort at norske sjømateksportørar har fått betre betalt i norske kroner, utan at kjøparane i utlandet har fått ei tilsvarande prisauke målt i sin valuta.

Norske kjøparar, som er små samanlikna med eksportmarknaden, må konkurrere med utlandet om fisken, og får heile prisveksten sidan dei betalar i kroner.

Publisert: 10.01.2025 13:19

Sist oppdatert: 10.01.2025 13:19

Mer om