- Vi har hatt eit fantastisk år, seier Monica Bjørhovde om 2019. Ho er sjef for Thon Hotel Fosnavåg.
Det er rekordbesøk og rekordresultat i hotellet sitt femte driftsår. Romprisen, gjennomsnittsprisen for utleigde rom, har gått opp sju prosent i årets ti første månadar, samanlikna med same periode i 2018.
-Det er berre velstand, seier Bjørhovde.
Romprisen har gått opp med 6,6 prosent for alle hotella på Sunnmøre viser statistikken Visit Ålesund og Sunnmøre har sett opp frå årets ti første månadar. Ålesundshotella åleine har ein oppgang i romprisen på 9,1 prosent.
Talet på selde rom har også auka.
Resultatet av betre betaling for kvart utleigd rom og fleire selde rom er ein auke i inntektene på 12,8 prosent for heile Sunnmøre og 12,6 prosent for Ålesundshotella åleine.
Ho meinar og bransejn er blitt flinkare til å tenkje på lønsemda.
- Regionen har vore flink til å synleggjere seg og flinkare til å ta seg betalt, seier Bjørhovde.
I juli i år bikka snittprisen i Møre og Romsdal for første gong tusenlappen – og enda på 1089 kroner - så langt i året. Fylket i sør ligg nokre knepp høgre på pristigen og hadde ein snittpris på 1182 kroner per rom i sommar.
Etter årets ti første månader er snittprisen på Sunnmøre framleis over 1000 kroner for kvart utleigd rom, ei auke på 6,6 prosent samalikna med januar-oktober i 2018.
Det er rekordbesøk og rekordresultat i hotellet sitt femte driftsår. Romprisen, gjennomsnittsprisen for utleigde rom, har gått opp sju prosent i årets ti første månadar, samanlikna med same periode i 2018.
-Det er berre velstand, seier Bjørhovde.
Opptur for bransjen
Bjørhovde sine tal for 2019 er typisk for hotelldirektørane på Nordvestlandet.Romprisen har gått opp med 6,6 prosent for alle hotella på Sunnmøre viser statistikken Visit Ålesund og Sunnmøre har sett opp frå årets ti første månadar. Ålesundshotella åleine har ein oppgang i romprisen på 9,1 prosent.
Talet på selde rom har også auka.
Resultatet av betre betaling for kvart utleigd rom og fleire selde rom er ein auke i inntektene på 12,8 prosent for heile Sunnmøre og 12,6 prosent for Ålesundshotella åleine.
Langvarig innsats
Oppturen skuldast langsiktig arbeid for å få opp trafikken, meiner Bjørhovde. Det gjeld både hotellet i Fosnavåg og for bransjen generelt.Ho meinar og bransejn er blitt flinkare til å tenkje på lønsemda.
- Regionen har vore flink til å synleggjere seg og flinkare til å ta seg betalt, seier Bjørhovde.
Utvidar sesongen
Alt då sommarsesongen var på sitt travlaste var det klart at hotellbransjen får ein opptur i år.I juli i år bikka snittprisen i Møre og Romsdal for første gong tusenlappen – og enda på 1089 kroner - så langt i året. Fylket i sør ligg nokre knepp høgre på pristigen og hadde ein snittpris på 1182 kroner per rom i sommar.
Etter årets ti første månader er snittprisen på Sunnmøre framleis over 1000 kroner for kvart utleigd rom, ei auke på 6,6 prosent samalikna med januar-oktober i 2018.
Regionen har vore flink til å synleggjere seg og flinkare til å ta seg betalt
Publisert: 16.12.2019 08:48
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47






