Molde-selskapet Nimmo blir tildelt årets Klimasnupris frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Bakgrunnen er at dei har utvikla ei løysing for delt bestillingstransport og samkøyring. Tanken er at meir samkøyring skal gi færre køyretøy på vegane -og mindre klimautslepp.
– Dette er innovativt og berekraftig. Eit konsept som vi trur både har ei god framtid, og som også kan gi ei god framtid for både folk og natur, uttaler statsforvaltar Else-May Botten i ei melding.
Vi håper Nimmo vil bidra til ein mykje smartare bruk av bilane vi har
– Stort behov for meir delingsøkonomi
Prisen går til nokon som har bidratt særskilt til positiv utvikling innan klimaarbeid i Møre og Romsdal det siste året.
Botten har leia juryen, som diskuterte seg gjennom fleire nominerte, og til slutt landa på at Nimmo skulle få årets pris.
– I dag står norske bilar stille 98 prosent av tida. Det er eit stort behov for meir delingsøkonomi. Samkøyring er ein del av løysninga og kan på sikt redusere ein unødvendig stor bilproduksjon. Vi håper Nimmo vil bidra til ein mykje smartare bruk av bilane vi har, seier Botten vidare.
Kan nyttast på fleire område
Gründerane i Nimmo erfarte at køyring av barn til og frå aktivitetar tar veldig mykje tid, og i all hovudsak blir gjort med privatbilar.
Difor utvikla dei ei digital løysing for korleis barn og unge enkelt kan kome seg trygt til og frå trening – utan å bli køyrt av foreldra. Bruksområda kan også vere langt vidare.
– Vi skal også utvikle løysingar for bestillingstransport for andre segment. Det kan vere alt frå eldretransport til jobbreiser, fortalde marknadssjef Kristin Erika Solli til Nett No ved it- og teknologikonferansen i Molde tidlegare i år.
Spring ut av Nivero-miljøet
Nimmo blei starta i 2022 av gründerane, Vebjørn Heggdal og Eirik Sandøy Aa.
Selskapet spring ut frå Nivero-miljøet, og dei tilsette her er mellom aksjonærane. I fjor hadde dei ein emisjon der fleire lokale investorar kom inn på eigarsida, saman med innovasjonslab-en Protomore.
Tidlegare i år jobba selskapet med ein større emisjon.
Publisert: 11.12.2024 09:25
Sist oppdatert: 11.12.2024 09:28