Skal hente pengar til ny transportløysing
Ser fleire vekstmoglegheiter for teknologi som forenklar reisekvardagen for familiar.
Molde-selskapet Nimmo har utvikla ei digital løysing for korleis barn og unge enkelt kan kome seg trygt til og frå trening – utan å bli køyrt av foreldra. Tanken er at meir samkøyring skal gi færre køyretøy på vegane -og mindre klimautslepp.
Etter fleire års testing på strekningar i Molde og Ålesund siktar teknologiselskapet seg inn mot ei breiare lansering av produktet til hausten.
Før dei kjem så langt, vil dei presentere seg for investorar for å hente meir eigenkapital.
– No jobbar vi med å estimere utviklingskostnadene basert på dei kundane vi har sikra oss, seier marknadssjef Kristin Erika Solli til NETT NO.
Siktar høgare med ny emisjon
Nimmo spring ut frå Nivero-miljøet, og dei tilsette her er mellom aksjonærane. I fjor hadde dei óg ein emisjon der fleire lokale investorar kom inn på eigarsida, saman med innovasjonslab-en Protomore.
I den neste emisjonen siktar oppstartsselskapet høgare – ikkje minst fordi dei ser større moglegheiter. Dagleg leiar Vebjørn Heggdal meiner det er fleire aktuelle investorar, både lokal og nasjonalt.
– Vi kjem også til å snakke med større aktørar, og ser føre oss at fond som Nysnø kan vere aktuelle, ettersom vi no startar på jobben med å skalere opp og har eit produkt som skal ut på marknaden, seier han.
Vi skal også utvikle løysingar for bestillingstransport for andre segment. Det kan vere alt frå eldretransport til jobbreiser
Først i Europa med løysinga
Per i dag er Nimmo det einaste selskapet i Europa som har utvikla bestillingstransport for barn og unge – men bruksområda kan vere langt vidare.
– Vi skal også utvikle løysingar for bestillingstransport for andre segment. Det kan vere alt frå eldretransport til jobbreiser, seier marknadssjef Solli.
Noko av motivet med å utvikle ei løysing med barn- og unge som brukarar, er at det stiller svært høge krav til tryggleik og brukarvennlegheit. Foreldre med eit barn som brukar app-en, vil til eksempel få beskjed både når barnet går på, og av køyretøyet som nyttast. Barna og sjåføren nyttar eigne versjonar av app-en.
– Når det fungerer for transport av barn - som er den mest dyrebare lasta ein kan ha, så vil den også fungere for ein sjukepleiar som treng skyss heim etter seinvakt på sjukehuset, seier ho.
Skal hauste brukarerfaringar
Selskapet har allereie fleire kundar som ønsker å ta i bruk løysinga. Det største oppdraget kjem frå ei større kommune på Austlandet som vil nytte app-en for transport av barn og unge.
– Vi skal også jobbe med ein del bygder. På slike plassar er mobilitet veldig viktig både for dei yngre og eldre. Kombinasjonen med å køyre bestemor til butikken, og å hente barn heim frå skule på returen, kan vere ei god løysing, seier Solli.
Marknadssjefen fortel at selskapet i første rekke skal gjere seg erfaringar med bruk i større skala. Vidare ser dei føre seg å utnytte forspranget dei har med å ligge fremst i løypa på den europeiske marknaden.
– Det er sjølvsagt spennande å prøve seg internasjonalt, så lenge det ikkje er nokon andre som driv med akkurat dette, legg ho til.
Vurderer å tilsette fleire
Per i dag består selskapet av marknadssjefen og den dagleg leiaren. I utviklingsarbeidet har dei støtta seg på ressursane i Nivero-miljøet. No vurderer dei også å tilsette eigne folk til utviklingsarbeidet.
Oppstartsselskapet ser føre seg ulike måtar for kunden å ta i bruk systemet på. Abonnementsløysingar med ulike tenester inkludert, kan vere mest aktuelt for mindre kundar, medan større transportselskap kan ønske å administrere systemet sjølv.
– Det vil vere ulike måtar og varierande grader å bruke systemet på. Vi skal forenkle den verksemda folk allereie held på med. Med app-en får dei også eit bakanforliggande system som utviklar ruta for dei, fortel Solli.
Publisert: 19.02.2024 05:00
Sist oppdatert: 18.02.2024 23:16