Måndag ble det kjent kva for innovasjonsprosjekt som får støtte frå milliardpotten Norges Forskningsråd delar ut til næringslivet.
25 bedrifter frå Møre og Romsdal søkte om støtte til innovasjonsprosjekt, og 16 prosjekt – inkludert ein søknad frå Norsk Hydro – I tillegg får Sea Technology i Sogn og Fjordane støtte.
Før helga blei det også klart at Hellesylt Hydrogen Hub med Flakk Gruppen i spissen, får støtte via Pilot E-ordninga.
– Det er eit enormt godt tilslag på søknadar frå Møre og Romsdal. Delen som får innvilga støtte har aldri vore høgare, seier regionansvarleg Arthur Almestad i Møre og Romsdal.
Han meiner det er eit teikn på at det jobbast godt og systematisk med kunnskapsutvikling i mange bedrifter.
– Dette er avansert innovasjon og lista ligg rimeleg høgt. Arbeidet skal ha høg innovasjonsgrad, noko som betyr at det skal ha ein nyheitsverdi i internasjonal samanheng - og kvalitet er det viktigaste kriteriet, seier han.
Kvaliteten på forskinga og kunnskapsinnhentinga, er viktige måleverktøy, og ikkje minst kva for verdiskaping og samfunnsnytte nyvinninga kan gi utover den enkelte bedrift.
– Det er ikkje slik at berre bedriftene og partnarane skal tene pengar på dette, men det skal vere prosjekt som kan bidra til å løyse store samfunnsutfordringar. Det er også prosjekt som skal ha berekraftmål og settast inn i større samanhengar, fortel han.
Almestad fortel at fleire av dei som ikkje nådde opp, har gode prosjekt, som ville ha fått støtte om den samla potten hadde vore større.
– Det er interessant at næringslivet i Møre og Romsdal - ikkje minst den maritime industrien – har auka innsatsen på forsking formidabelt etter krisa råka. Dei har med andre ord omstilt seg ved å satse på forsking og utvikling, påpeiker Almestad.
Han fortel at bedrifter i Møre og Romsdal får kring 370 millionar i støtte årleg frå forskingsrådet, inkludert skattefunn-ordninga. Samanlikna med andre fylke ligg næringslivet i Møre og Romsdal høgt plassert.
(sjå - ekstern lenke
25 bedrifter frå Møre og Romsdal søkte om støtte til innovasjonsprosjekt, og 16 prosjekt – inkludert ein søknad frå Norsk Hydro – I tillegg får Sea Technology i Sogn og Fjordane støtte.
Før helga blei det også klart at Hellesylt Hydrogen Hub med Flakk Gruppen i spissen, får støtte via Pilot E-ordninga.
– Det er eit enormt godt tilslag på søknadar frå Møre og Romsdal. Delen som får innvilga støtte har aldri vore høgare, seier regionansvarleg Arthur Almestad i Møre og Romsdal.
Han meiner det er eit teikn på at det jobbast godt og systematisk med kunnskapsutvikling i mange bedrifter.
Les meir:
Kan løyse samfunnsutfordringar
Eit sentralt mål med prosjekta som får støtte, er at arbeidet skal kome fleire til nytte. Almestad påpeiker at det er knivskarp konkurranse.– Dette er avansert innovasjon og lista ligg rimeleg høgt. Arbeidet skal ha høg innovasjonsgrad, noko som betyr at det skal ha ein nyheitsverdi i internasjonal samanheng - og kvalitet er det viktigaste kriteriet, seier han.
Kvaliteten på forskinga og kunnskapsinnhentinga, er viktige måleverktøy, og ikkje minst kva for verdiskaping og samfunnsnytte nyvinninga kan gi utover den enkelte bedrift.
– Det er ikkje slik at berre bedriftene og partnarane skal tene pengar på dette, men det skal vere prosjekt som kan bidra til å løyse store samfunnsutfordringar. Det er også prosjekt som skal ha berekraftmål og settast inn i større samanhengar, fortel han.
Almestad fortel at fleire av dei som ikkje nådde opp, har gode prosjekt, som ville ha fått støtte om den samla potten hadde vore større.
Satsar minst 1,4 mrd. årleg
Totalt investerte bedriftene i Møre og Romsdal kring 1,4 milliardar i forsking- og utvikling, ifølgje SSB-tal frå 2017. I løpet av neste år kjem ny oversikt med tal frå 2019.– Det er interessant at næringslivet i Møre og Romsdal - ikkje minst den maritime industrien – har auka innsatsen på forsking formidabelt etter krisa råka. Dei har med andre ord omstilt seg ved å satse på forsking og utvikling, påpeiker Almestad.
Han fortel at bedrifter i Møre og Romsdal får kring 370 millionar i støtte årleg frå forskingsrådet, inkludert skattefunn-ordninga. Samanlikna med andre fylke ligg næringslivet i Møre og Romsdal høgt plassert.
(sjå - ekstern lenke
Les også:
Det er interessant at næringslivet i Møre og Romsdal - ikkje minst den maritime industrien – har auka innsatsen på forsking formidabelt etter krisa råka
Publisert: 16.12.2019 12:24
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48






