Vard Soviknes foto ogne 11
MISTA ARBEID: Sommaren 2022 fekk bemanningsselskapet beskjed om at Vard-verftet i Søvika hadde behov for lange færre folk enn tidlegare. Kort tid etter melde selskapet oppbod. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Punktum etter to år og fem månader

Arbeidskrevjande konkurs etter at bemanningsselskap med 56 tilsette gjekk over ende.

Marius Rosbach
06.02.2025

Møre og Romsdal tingrett har avslutta nyleg bubehandlinga etter konkursen i bemanningsselskapet Submet. 

Selskapet som hadde adresse på Vatne Industripark, er no sletta. 

Submet leverte arbeidskraft til skipsindustrien og entreprenørbransjen. Konkursen råka 56 tilsette då det vart kroken på døra hausten 2022 og var mellom dei mest omfattande det året.

Bakgrunnen for konkursen var manglande oppdrag i desse næringane i kjølvatnet av koronapandemien. 

Måtte vente to år på lønn
Årsaka til at det først blir sett punktum for saka to år og fem månader etter det blei meldt oppbod, har mellom anna å gjere med omfattande arbeid for bustyrar med dei 55 lønnskrava. 

Nett No har tidlegare fortalt at fleire tidlegare tilsette måtte vente lenge på utbetaling av løn dei hadde til gode. 

Bustyrar Anders Svinø fortalde då at ventetid på dokumentasjon frå rekneskapsførar og lang saksbehandlingstid hos Nav medverka til den lange bubehandlinga. 

Etter å ha brukt 144,5 timar på saka, leverte Svinø ei rekning til tingretten på knappe 209.000 kroner. 

Berre smular att til kreditorane
Konkursen var mellom dei største i regionen det året, både målt etter talet på tilsette som blei råka og omsetning på selskapet. 

I sluttrapporten frå bustyrar kom det fram at dei samla krava kom opp i drygt 7,6 millionar kroner. Berre smular blei att til prioriterte kreditorar som fekk knappe 4,3 prosents dekning. 

Publisert: 06.02.2025 05:00

Sist oppdatert: 05.02.2025 21:14

Mer om