Purecod Severin Rønes Teodor Strand Johansen Odd Arne Rønes foto purecod
OPTIMISME: Severin Rønes (f.v.), Teodor Strand-Johansen og Odd Arne Rønes hadde ulike roller i Purecod, som i mars 2022 fekk konsesjonar til å drive torskeoppdrett i Sykkylven. Då rekna selskapet med fleire arbeidsplassar. Foto: Purecod
Nytt

Purecod-konsesjonane til sals

Draumen om oppdrett ved slektsgarden fall i fisk. Og første kjøpar greidde ikkje betale konkursbuet for konsesjonane.

08.01.2024

Då torskeoppdrettselskapet Purecod, som skulle drive torskeoppdrett i Sykkylven, gjekk konkurs hausten 2023 fekk bustyrar Bjørn-Ivar Borgund fire konsesjonar for torskeoppdrett i fanget.

Alle er plassert på Røneset i Storfjorden, der Purecod skulle drive oppdrett.

Konsesjonane var det einaste av verdi i konkursbuet ifølgje den mellombelse buinnberetninga.

Tre-fire interessentar melde seg og selskapet Property-Group AS v/Josef Flatebø Schlezinger fekk tilslaget, ifølgje innberetninga. Prisen var 1,4 millionar kroner. Porterty Group har adresse i Kristiansand og er eigd av eit datterselskap av Sør Invest Holding.

Kunne ikkje betale
Vilkåret for handelen var at Property-Group kunne betale.

Det kunne dei ikkje, og Borgund seier til NETT NO at han arbeider med å finne ein ny kjøpar til konsesjonane.

Konsesjonane er knytt til plasseringa, slik at ein ny kjøpar må drive der Purcode skulle drive, rett ved slektsgarden til inititivtakarar til Purecod, Mikael Rønes.

Purecod gruppebilde foto purecod 22
PURECOD-TEAMET: Selskapet slik dei presenterte seg i fjor. Foran fra venstre: Silje Ellila, Mikael Rønes, Lola Navarro. Bak fra venstre: Thomas Buksholt, Fredrik Friis, Teodor Strand-Johansen, Eirik Jørs og Erling Kristiansen. Foto: Purecod

Krav på 4,1 millionar
Det var utstyrsleverandøren Blue Ocean Technology som kravde konkurs i Purecod i fjor, med eit krav på 4,1 millionar kroner.

Purecod planla å drette opp torsk i lukka merder.

Merdene til Purecod skulle ha ein dobbel barriere som minimerer risiko for rømming av fisk og påverknad av miljøet. Ifølgje Purecod skulle anlegget ha ei form for gjennomstrømmingsanlegg der vatnet blir drive gjennom av pumper.

I botnen skulle det vere sedimentfeller som reduserte utslepp betrakteleg.

Publisert: 08.01.2024 05:00

Sist oppdatert: 08.01.2024 00:40

Mer om