Nostec ferjelader illustrasjon nostec 11
LADEPLUGG FRAMME: Løysinga til Norwegian Ocean Space Technology består av ein ladeplugg plassert framme på ferja, og eit «hylster» som er plassert på køyrebrua. Slik blir rørslene minimert og ladinga skjer enklare. Illustrasjon: Nostec
Nytt

På jakt etter meir kapital

Gründerselskap som har utvikla ny ladeløysing for ferjer, treng meir tid for å kome i hamn.

Marius Rosbach
13.10.2022

Hareid-selskapet Norwegian Ocean Space Technology er på jakt etter meir kapital for å kome vidare i utviklingsarbeidet deira.

– Om vi skal gjere det vi ønsker å gjere, så treng vi meir kapital, fortel dagleg leiar Lars Reidar Brekke til NETT NO.

Nostec er eit «deep tech»-selskap som blei starta i 2017 og har jobba sidan 2020 med å finne ut korleis elferjer kan ladast på ein betre måte en no.

Deira løysing inneber ein ladeplugg framme på ferja og eit «hylster» plassert i køyrebrua.

– Jobbar med å finne partnar
Då NETT NO besøkte selskapet i fjor håpte dei å vere på marknaden i år, etter å ein testperiode. Brekke fortel at ting har teke lengre tid, og at dei håpar å ha noko nytt å fortelje snart.

– Vi jobbar med å finne den rette partnaren til å kome inn i selskapet, ikkje berre med kapital, men også ressursar, fortel han til NETT NO.

Han fortel at det er mykje som skal klaffe, og at dei vil ha inn aktørar som forstår «deep tech».

– Det kan vere vanskeleg både for oss gründerar, men også sett frå eit partnar- og investorperspektiv, sier Brekke.

Nostec severin gjerde lars reidar brekke foto marius 11
EIGARAR: Dagleg leiar Lars Reidar Brekke (t.h.) saman med medeigar Severin Gjerde som tidlegare var styreleeiar i selskapet. Foto: Marius Rosbach

Fekk likviditetsproblem
I årsrapporten for 2021 som er levert nyleg, kjem det fram at selskapet fekk utfordringar med likviditeten etter utgangen av fjoråret. Brekke fortel at selskapet nyleg fekk inn midlar ved ei kapitalutviding, slik at likviiteten er betra.

Rekneskapet for fjoråret viser eit underskot på knappe 650.000 kroner (sjå tabell under). Samla eigenkapital var ved utløpet av året 519.000 kroner og gjelda var på drygt 2,6 millionar.

Gründerane eig framleis Norwegian Ocean Space Technology sjølve, via eigne selskap. Lars Reidar Brekke eig 45 prosent, Severin Gjerde nær 30 prosent, Karsten Gefle nær 20 prosent og Bjørn Eilertsen 2,5 prosent av aksjane.

Norwegian Ocean Space Technology (Nostec)
Årsresultat (i mill kr)
2021 2020
Driftsinntekter 0,1 0
Driftsresultat -0,6

-0,1

Res. før skatt -0,6 -0,1

Publisert: 13.10.2022 05:00

Sist oppdatert: 13.10.2022 07:10

Mer om