Røkke-kontrollerte Aker spyttar ein halv milliard kroner inn i Solstad Offshore, og vert 31 prosent eigar av selskapet.
Dette opplyser Solstad i tysdag.
Partane har vorte samde om at Solstad skal utstede 20 millionar nye aksjar til Aker til kurs 12,50 per aksje. Dette tilsvarar 250 millionar kroner.
Solstad opplyser at med Aker på laget vil Solstad både vere i stand til å stå imot ein utfordrande marknad og i tillegg vere i stand til å delta i konsolideringa av den fragmenterte offshore service marknaden.
Det siste har tydelegvis Kjell Inge Røkke og Aker lyst til å vere med på. Selskapet har også skaffa seg godt med midlar etter salet av alle aksjane i Havfisk og Norway Seafood.
Mellom anna skal det nye dotterselskapet vere innretta mot å delta i konsolideringa av offshoremarknaden.
Fortrinnsrettemisjonen til Aker vert etterfølgt av ein retta emisjon til eksisterande aksjonærar på 75 millionar kroner, der Solstad-familien deltek i forhold til sin eigardel i selskapet. Denne delen utgjer 33,5 millionar kroner.
Planen omfattar mellom anna reduserte avdrag og utsett forfall på eit usikra obligasjonslån på ein milliard kroner.
Dei nye låna vil ha ein avdragsreduksjon på 75 prosent samanlikna med den opphavelege nedbetalingsprofilen, og har i tillegg ein opsjon til å redusere avdraga med ytterlegare 50 prosent det fjerde året.
Løysinga inneber at avdraga vert reduserte med 2,6 milliardar kroner dei første tre åra.
Solstad sin finansieringsplan har fleire likheitstrekk med ein finansieringsplan frå DOF, som vart lansert , med unntak av at Røkke ikkje er ein del av DOF-planen. I DOF-løysinga vert også eksisterande aksjonærar kraftig utvatna.
Dette opplyser Solstad i tysdag.
Partane har vorte samde om at Solstad skal utstede 20 millionar nye aksjar til Aker til kurs 12,50 per aksje. Dette tilsvarar 250 millionar kroner.
Vil konsolidere bransjen
I tillegg går Aker inn med 250 millionar kroner i eit subordinert konvertibelt lån som kan konverterast til aksjar i eit nytt dotterselskap etablert av Solstad. Lånet har forfall i 2021.Solstad opplyser at med Aker på laget vil Solstad både vere i stand til å stå imot ein utfordrande marknad og i tillegg vere i stand til å delta i konsolideringa av den fragmenterte offshore service marknaden.
Det siste har tydelegvis Kjell Inge Røkke og Aker lyst til å vere med på. Selskapet har også skaffa seg godt med midlar etter salet av alle aksjane i Havfisk og Norway Seafood.
Les her:
Mellom anna skal det nye dotterselskapet vere innretta mot å delta i konsolideringa av offshoremarknaden.
Har fått støtte
Refinansieringsplanen for Solstad Offshore er omfattande, og har fått såkalla indikativ støtte med bankar og obligasjonseigarar.Fortrinnsrettemisjonen til Aker vert etterfølgt av ein retta emisjon til eksisterande aksjonærar på 75 millionar kroner, der Solstad-familien deltek i forhold til sin eigardel i selskapet. Denne delen utgjer 33,5 millionar kroner.
Planen omfattar mellom anna reduserte avdrag og utsett forfall på eit usikra obligasjonslån på ein milliard kroner.
Avdraga reduserte med 2,6 milliardar
I tillegg skal den sikra bankgjelda samlast i tre nye flåtelån med fem års løpetid frå slutten av andre kvartal 2016 til slutten av andre kvartal 2021.Dei nye låna vil ha ein avdragsreduksjon på 75 prosent samanlikna med den opphavelege nedbetalingsprofilen, og har i tillegg ein opsjon til å redusere avdraga med ytterlegare 50 prosent det fjerde året.
Løysinga inneber at avdraga vert reduserte med 2,6 milliardar kroner dei første tre åra.
Solstad sin finansieringsplan har fleire likheitstrekk med ein finansieringsplan frå DOF, som vart lansert , med unntak av at Røkke ikkje er ein del av DOF-planen. I DOF-løysinga vert også eksisterande aksjonærar kraftig utvatna.
Publisert: 07.06.2016 08:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:57