Vil lyse ut Stad Skipstunnel som planlagt
Meiner berre ein anbodskonkurranse vil avklare kva tunnelen vil koste.
- Eg er skuffa over regjeringa som legg opp til ei ny utgreiing og som ber Kystverket stoppe arbeidet sitt, seier Randi Humborstad, dagleg leiar i Måløy Vekst og frontfigur i arbeidet for å få Stad Skipstunnel bygd.
Ho var budd på at kostnadsanslaga for skipstunnelen ville auke i revidert nasjonalbudsjett, men meiner det er feil å stoppe den planlagte framdrifta. Det er stor uvisse knytt til prisen på tunnelen fordi det er snakk om ein tunell ingen har bygd før.
Humborstad meiner den beste måten å avklare kva tunnelen vil koste er å lyse ut utbyggingsoppdraget i sommar, slik som var planen inntil regjeringa foreslo å stoppe utbygginga i revidert nasjonalbudsjett torsdag.
Om det viser seg at kostnaden blir så høg som regjeringa i verste fall fryktar er det noko som ein kan ta stilling til når tilboda ligg på bordet.
Underprioriterer sjøvegen
Humborstad meiner regjeringa legg alt for lite vekt på å utvikle sjøen som transportåre.
- Vi må investere i sjøvegen langs kysten. 97 prosent av samferdselsbudsjettet blir brukt på veg og jarnbane, seier ho.
Regjeringa skriv i si melding torsdag at Kystverket får oppdraget med å forsøke kutte kostnader i prosjektet - og at dei eventuelt kjem tilbake til saka i samband med budsjettframlegginga i haust.
Etter planen skal Kystverket lyse ut anbodet seinast i tredje kvartal i år. Prosjektleiar for Stad skipstunnel, Terje Skjeppestad, kunne ikkje torsdag seie noko sikkert om kva torsdagens melding vil bety for framdrifta.
- Vi fortsetter foreløpig arbeidet som planlagt, sier Skjeppestad - men legger til at han har fått med seg at det vil komme endringer - som kan påvirke tidspunktet for når anbudet blir lagt fram.
Vestlandsfiendtleg
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) frå Sogn og Fjordane åtvara i fjor haust mot å tru at utbygginga av Stad Skipstunnell var sikra.
Han meiner dagens melding om Stad skipstunnel stadfestar at regjeringa er kyst- og Vestlandsfiendtleg.
- Dagens nyhende om at Regjeringa stoppar vidare arbeid med Stad Skipstunnel, er endå eit prov på at Ap/Sp-regjeringa er tidenes mest kyst- og Vestlands-fiendtlege. Venstre reagerer sterkt på at Vestlandet ser ut til å ha blitt Støre-regjeringa sitt mobbeoffer, der alt som skjer på vår kyst enten skal skattast i hel eller stoppast. Først drar regjeringa inn enorme ekstraskattar i 15-20 milliardsklassen til statskassa frå havbruksnæringa på kysten, og skjerpar skattane også til andre viktige næringar på Vestlandet. Deretter stoppar dei bygginga av det einaste store infrastruktur-prosjektet på kysten dei vil suge ut stadig fleire skattekroner frå. Ap og Sp ser rett og slett ut til å ha gitt opp kysten og Vestlandet. Det håpar eg alle veljarar merkar seg når vi går til val til hausten. Venstre krev ein krystallklar garanti frå regjeringa om at Stad Skipstunnel skal byggast, elles er dette tidenes mageplask og løftebrot frå Ap og Sp, seier Alfred Bjørlo i ein epost.
Les også
Synnøve Aabrekk tilsett som prosjektleiar for kommunane Stad, Kinn og Vanylven.
Gjer seg klar for byggjestart neste haust, og vil snart rive hus og bygningar i Kjøde.
80 leverandørar og entreprenørar frå inn- og utland kom til konferanse.
Ventar at framdrifta blir som planlagt
Stad skipstunnel er ikkje blitt noko mindre viktig for Vestlandet sjølv om kostnadane har auka. No ventar eg at departementet og Kystverket har tett dialog om korleis kostnadane kan reduserast og framdrifta haldast for Stad skipstunnel, seier stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen (Ap) frå Møre og Romsdal.
Publisert: 11.05.2023 12:23
Sist oppdatert: 11.05.2023 18:30