Rapport anbefaler hurtigbaat mellom Bergen og A Alesund
ÅLESUND: Hurtigbåtar ved kai i Ålesund.
Nytt

Rapport anbefaler hurtigbåt mellom Bergen og Ålesund

Men ruta er avhengig av at prosjektet Stad skipstunnel blir realisert.

08.04.2019
NPK: Ei framtidig hurtigbåtrute mellom Bergen og Ålesund er samfunnsnyttig og gir fleire passasjerar, konkluderer ein rapport.
– Ein skipstunnel ved Stad er heilt avgjerande dersom det skal opprettast eit hurtigbåttilbod som går lengre nord enn Selje, heiter det i frå rådgivingsselskapet COWI.
I dag går det hurtigbåt mellom Nordfjord og Bergen kvar dag. Planen er å utvida denne ruta nordover til Ålesund viss Stad skipstunnel blir bygd.

Fem konsept

Rapporten er laga på oppdrag frå Vestlandsrådet og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Han vurderer fem konsept med ulike stoppestader og mellom to og fire hurtigbåtar.
Det anbefalte konseptet har ein driftsøkonomi som ligg litt over driftsunderskotet i dag, men har langt fleire passasjerar og dermed nytteverdi.
– Det som talar imot konseptet er uvissa knytt til auka i driftskostnad, passasjertal og inntekter, i tillegg til klima- og miljøkonsekvensane, heiter det i rapporten.

Bind saman kystsamfunna

Utrekningane frå COWI peikar på at ruta kan få mellom 130 og 250 passasjerar dagleg. Det nye båttilbodet vil knyta byane og tettstadene på Vestlandet tettare saman og vil føra til nye reisetilbod.
Ruta vil likevel ikkje gi raskt nok samband til å støtta utviklinga av bu- og arbeidsmarknadsregionar i større skala, peikar rapporten på.
Heile reiseruta tar om lag seks timar, men den største trafikken blir på delar av strekningar. Ein forventa auke i talet på turistar er med på å styrka kundegrunnlaget for ei framtidig rute og aukar nytten av båten som verkemiddel til å få mest mogleg ut av reiselivet langs kysten.
Ein skipstunnel ved Stad er heilt avgjerande dersom det skal opprettast eit hurtigbåttilbod som går lengre nord enn Selje

Publisert: 08.04.2019 18:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:33