Pukkellaks IKKE GJENBRUK foto npk
EGINAR SEG FOR MATBORDET: Pukkellaksen er ikkje spesielt populær, men forskarane meiner han kan vere god som mat. Foto: Henrik H. Berntsen / NINA / NTB / NPK
Nytt

– Pukkellaks er ein ypparleg matfisk

Klar konklusjon frå forskarar om den omstridde laksen som har invadert kysten. 

05.01.2022

(NPK-NTB): Pukkellaksen er frykta, hata og freista fjerna frå norske vassdrag. Men han gjer seg godt på matfatet, meiner forskarar. No har matforskarar undersøkt kvaliteten til den hata laksen, som i sommar har invadert norskekysten.

Konklusjonen er klar: Fisken er absolutt eigna for matfatet, ifølgje matforskingsinstituttet Nofima.

Ifølgje Miljødirektoratet kan invasjonen av stillehavsarten pukkellaks få alvorlege følgjer i Noreg. Frykta er stor for at han skal påverke den norske villaksbestanden og økosystem og akvakultur negativt.

– Liknar meir på vill laks

Men som mat meiner forskarane at han er meir ein god nok.

– Denne fisken liknar meir på vill laks, røye og aure enn på oppdrettslaks, då han har mindre feitt og raudare farge på musklane. Han eignar seg svært godt til røyking. Røykt pukkellaks er tørr og fast og har fin raudfarge, seier forskar Torbjørn Tobiassen.

Stort potensial i rogna
Forskarane meiner òg at det kan liggje eit stort potensial i å ta vare på rogna til pukkellaksen, som er eit svært ettertrakta produkt internasjonalt.

– Det er viktig å få på plass effektive og selektive fangstreiskapar som kan ta vare på pukkellaksen og sortere ut uønskte artar på ein skånsam måte. Eit slik arbeid bør startast i 2022 for å vere klar til sesongen 2023, når vi neste gong ventar storinnrykk av pukkellaksen, seier seniorforskar Sten Siikavuopio.

(©NPK)

Podium

E12/S2 Arne Nore og Roger Hofseth - historia og framtida til norsk oppdrettsnæring.

Publisert: 05.01.2022 10:48

Sist oppdatert: 05.01.2022 10:59

Mer om