Rapport Ventar kraftig oekonomisk oppsving i haust
OPPSVING I VENTE: Det blir ein periode med kraftig økonomisk oppsving når smittevernrestriksjonane slepper taket, men mykje er uvisst om korleis dei neste månadene og åra blir, er DNB Markets' analyse i ein rapport.
Nytt

Rapport: Ventar kraftig økonomisk oppsving i haust

Kvardagen er ikkje tilbake slik vi kjenner han før neste år, men utover sommaren og hausten i år kan vi vente ein sterk økonomisk rekyl, meiner DNB Markets.

21.01.2021
NPK-NTB: 2021 startar slik 2020 slapp, med nok ei smittebølgje, blir det konstatert i rapporten Økonomiske Utsikter, som vart lagt fram torsdag.
Det vil ta tid før kvardagen er tilbake, ikkje minst fordi det framleis vil vere store forskjellar i vaksinedekninga i landa i verda. Det er òg store uvisse knytt til om vaksinen hindrar smitte eller ikkje, og korleis muterte virus vil påverke utviklinga.
– Likevel har nok vaksinedekninga mellom anna i dei store økonomiane og i Skandinavia komme langt nok i sommar til at restriksjonane kan setjast ned til eit mykje lågare nivå. I andre halvår ventar vi derfor ein sterk økonomisk rekyl, særleg driven av auka privat forbruk av tenester, heiter det.

Innhenting

Makroøkonomane slår fast at verdshandelen har falle mindre enn frykta, gitt storleiken på den økonomiske krisa. Fallet i norsk økonomi ser ut til å bli på 3,5 prosent for 2020. Samla sett blir det anslått at den globale økonomien fall med nesten 4 prosent.
Ein viktig grunn til at fallet ikkje vart verre, var at varehandelen har vorte mindre prega av restriksjonar enn handel med tenester – særleg i den andre smittebølgja i haust, ifølgje rapporten.
Når store delar av befolkninga er vaksinerte, etter planen i sommar, vil det bli ein periode med innhenting som strekkjer seg inn i neste år. Etter det vil BNP-veksten igjen dabbe av til meir normale nivå, meiner DNB. Arbeidsløysa vil halde fram med å gå ned, men i eit tregare tempo, og det blir venta at arbeidsløysa blir liggjande noko høgare enn før pandemien ramma.
– Det illustrerer at vi trur at kostnadene ved pandemien vil henge ved i fleire år, heiter det i rapporten.

Ventar renteheving neste vår

Med biletet av økonomisk oppsving og inflasjonsutvikling i dei rike landa, nærmar det seg òg tidspunktet at sentralbankane lettar foten av gasspedalen, er analysen.
– Alt tyder på at Noregs Bank blir første sentralbank ut, med første renteheving i mars 2022, følgd av nok ei heving i september same år, skriv DNB Markets, som ventar at to rentehevingar følgjer i 2023 og ytterlegare éin i 2024, slik at vi endar på eit nivå på 1,25 prosent.

Mange usikkerheitsfaktorar

I rapporten blir det understreka at mykje framleis er uvisst om dei neste månadene. I tillegg til at ein ikkje kjenner verknaden av vaksine og korleis viruset utviklar seg, vil det vere spørsmål knytt til om pandemien har ført til varige endringar.
Det er sannsynleg at vi ikkje går heilt tilbake til der vi var, blir det hevda. Til dømes gjeld det reise- og møteaktivitet – og det kan innebere behov for omstilling internt i og på tvers av næringar. Kor mange arbeidstakarar som blir nøydde til å skifte jobb på permanent basis, er ein annan usikkerheitsfaktor.
Pandemien har ført til ein fortgang i digitalisering i samfunnet, noko som har gitt positive effektar.
– Baksida av medaljen er at tilgang til jobbar med låge krav til kvalifikasjonar og utdanning blir knappare. Det vil vere ein drivar for ein framleis auke i forskjellane i samfunnet, heiter det i rapporten.

Fleire konkursar?

Eit anna, relatert spørsmål er om den store konkursbølgja er forseinka, eller om ho ikkje kjem.
– I anslaga våre legg vi til grunn at den storstilte støtta frå styresmaktene vil hindre at svært mange bedrifter går over ende som følgje av krisa, også på sikt. Det kan likevel hende at dette vil skje når tiltak som utsette skattar og avgifter, direkteoverføringar og kriselån blir avvikla, skriv DNB Markets i rapporten.

Publisert: 21.01.2021 15:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:13