Kraftmontasje innfelt Øystein Søraas kraftmast foto Kraftmontasje 11
TILSET FOLK: Dagleg leiar Øystein Sørensen (innfelt) hadde 92 på lønningslista i fjor. I år reknar han med å passere 100. Foto: Kraftmontasje
Nytt

Rask vekst for Kraftmontasje

Auka inntektene med 200 millionar kroner i fjor og ligg an til ny vekst i år.

08.06.2023

Fleire nye store kontrakter gjer at Kraftmontasje reknar med å passere 600 millionar kroner i driftsinntekter i år seier dagleg leiar Øystein Søraas, opp frå knappe 270 millionar i 2021 (sjå tabell).

Vestnes-selskapet har spesialisert seg på bygging av kraftliner og rehabilitering av elektriske systema i tunnellar.

Kraftmontasje hadde elektroppdraget på fastlandssambandet for Nordøyane, som var den største kontrakten selskapet så langt hadde inngått. I fjor fekk selskapet ei enda større kontrakt, på 420 millionar kroner. Oppdraget er å skifte ut ei 74 kilometer lang kraftline i Nord-Noreg, med Statnett som oppdragsgivar.

Fleire tilsette
I løpet av året vil selskapet passere 100 tilsette, og satsar på vekst.

- Vi er i stand til å by på dei store kraftlinene og dei store tunnelrehabiliteringane, seier Søraas.

I 2018 vart selskapet kjøpt attende til Nordvestlandet frå svenske One Nordic-konsernet.

På kjøparsida var fleire tilsette, Moldeselskapet Axess, Bjørn Vegard Løvik og Johan Andreassen, Arvid Gjerde og Olav Aksel Olsen.

Lange kontrakter
Fleire av kontraktene til Kraftmontasje strekkjer seg over fleire år.

Søraas trur selskapet skal klare å vekse meir.

- Når ein ser på investeringsplanane er det utruleg mykje som skal byggast ut, seier han.

Kraftmontasje as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt464,7269,3
Driftsresultat16,214,6
Resultat før skatt14,418,8

Publisert: 08.06.2023 09:00

Sist oppdatert: 08.06.2023 08:51