Nordøyvegen montasje test alarmsystem foto nordøyvegen på facebook 11
OPNAR NESTE LAURDAG: Kraftmontasje har hatt ansvaret for alt av tekniske installasjonar på Nordøyvegen. Første del av vegen opnar laurdag 18. desember. Her testar Philip Skåren i Møre og Romsdal fylkeskommune nødtelefonane i Haramsfjordtunnelen. Foto: Nordøyvegen på Facebook
Nytt

Siktar mot vekst og tyngre oppdrag

Om bilistar treng hjelp på Nordøyvegen, melder dei frå via nødnett frå eit Vestnes-firma med lokale eigarar i ryggen.

Marius Rosbach
10.12.2021

Arbeidarane i Kraftmontasje er i desse dagar i full gong med å legge siste hand på verket på Lepsøybrua og i Haramsfjordtunnelen, som åpnar 18. desember.

Parallelt arbeider dei på den 3,7 kilometer lange Fjørtoftfjordtunnelen, som opnar neste år. Når alt er ferdig vil bilistane kunne køyre via tre tunnelar og tre bruer heilt nord til Harøya.

Prosjektet er ei stor og viktig kontrakt for Vestnes-firmaet. Tunnelane som blir dei mest moderne i Møre og Romsdal, vil ha videoovervaking som går til rett vegtrafikksentralen og høgtalarar for å gi beskjedar til bilistane.

– Vi har ansvar for alle tekniske installasjonar for elektro og automasjon, som lys, varslingssystem, tekniske rom, pumper og vifter, fortel administrerande direktør Øystein Søraas i Kraftmontasje til NETT NO om oppdraget.

(saka held fram under)

Øystein søraas foto kraftmontasje 11 jpeg
NY I SJEFSSTOLEN: Øystein Søraas tok over som Kraftmontasje-sjef i november. Mangeårig leiar og gründer Oddgeir Anundsen, gir over i ei ny rolle. Foto: Kraftmontasje
Vi ser på korleis vi kan auke kapasiteten i staben på prosjektleiing og organisasjonen elles
Øystein Søraas

Vil auke staben
Arbeidet på Nordøyvegen har stort sett gått etter planen. Gjennom pandemien har det i periodar utover vore litt trøbbel utfordringar med å få inn utanlandske arbeidarar i perioder.

Med tilsette som bur i både Portugal, Danmark, Tyskland, Polen og Kroatia, så har innreise og karanteneordningane tidvis skapt utfordringar.

Hovudvekta av dei kring 80 tilsette er likevel norske, ein del busett lokalt, men elles spredt utover heile landet. Søraas fortel at det har arbeidsstokken har vore stabil på det nivået, men at dei snart vil trenge fleire.

– Vi ser på korleis vi kan auke kapasiteten i staben på prosjektleiing og organisasjonen elles, i tillegg til at vi skal styrke kompetansen på digitale verktøy, fortel han.

(saka held fram under)

Nordøyvegen kraftmontasje test foto nordøyvegen på facebook 11
STORT OPPDRAG: Oppdraget på Nordøyvegen på kring 200 millionar kroner, var det største til då for Kraftmontasje. I haust sikra dei seg ei ny kontrakt på kraftlinjebygging, som er verdt meir enn det doble. Foto: Nordøyvegen på Facebook

Ny rekordkontrakt i haust
Då Kraftmontasje sikra seg elektrokontrakten på fastlandssambandet, var det den største oppdraget i selskapet si historie.

I tillegg til tunnelinstallasjon og -rehabilitering, driv Kraftmontasje med bygging av kraftlinjer. I haust sikra dei seg ei ny rekordkontrakt – kring dobbelt så stor – på utskifting av ei 132 KV kraftlinje for Statnett.

Den 74 kilometer lange leidninga skal gå i stål- og komposittmaster på grensa mellom Nordland og Troms og Finnmark, og er ein del av hovudstraumforsyningane til Lofoten, Vesterålen og Hålogaland.

Søraas fortel at dette er ein jobb som vil pågå fram til 2024. Kraftmontasje har elles i perioden 2013 – 2021 uført to av tre byggetrinn med bygging av ny hovedforsyning gjennom Lofoten for Lofotkraft.

Oppkjøp og ny leiing
Verdien av den siste kontrakten med Statnett utgjer heile 420 millionar kroner – og representerer ein type oppdrag selskapet gjerne vil ha fleire av.

– Vi ønskjer å satse meir mot oppdrag med større og tyngre linjer, og gjerne i samarbeid med Statnett, fortel Søraas: – Vi ser at vi har ein styrke på gjennomføring på av større og krevjande prosjekt, legg han til.

(saka held fram under)

Kraftmontasje kraftlinje foto kraftmontasje 11
KRAFTLINJER: Vestnes-firmaet vil satse meir mot oppdrag med større kraftlinjer og jobbar strategisk med å bygge opp kapasiteten i konsernet. Foto: Kraftmontasje

Som eit ledd i strategien kjøpte Kraftmontasje-eigarane i fjor det kroatiske linjebyggarselskapet Powerline. Slik har dei sikra seg meir kompetanse og kapasitet som konsernet kan trekke vekslar på.

Vekststrategien er også årsaka til at det er teke ut 35 millionar i utbytte i 2019-2020. Mildane nyttast til å gi holdingselskapet økonomiske musklar til vidare utvikling.

Søraas tok nyleg over som ny leiar av Kraftmontasje, etter at Oddgeir Anundsen ga seg etter 27 år i sjefsstolen. Anundsen hadde leda selskapet sidan oppstartet i 1995 og har gått over i ny rolle som ansvarleg for marknad og forretningsutvikling.

– Det at vi har omorganisert leiinga, følger også av strategiplanen og eit ønske om å utvikle konsernet vidare, fortel Søraas.

Heldig stilt ved starten av pandemien

I fjor enda dei med ei omsetning på 277 millionar som er i øvre skjiktet av der dei har vore dei siste ti åra. Lønnsemda var på rekordnivå, med eit resultat før skatt på drygt 17 millioner kroner.

Med prosjekt som går over fleire år, vil omsetninga varerier litt etter kvar fase dei står i dei ulike prosjekta.

Søraas fortel at 2021 truleg endar litt under nivået i fjor, som dels skuldast at det har vore litt rolegare i marknaden under pandemien.

Han påpeikar at dei var «godt i gong» med fleire prosjekt både med planlegging og innkjøp av material før pandemien braut ut.

– Vi har vore litt heldige som gjekk inn i pandemien med eit slikt utgangspunkt, fortel han.

Det er eit eigarskap av lokale gründere og industribyggarar
Øystein Søraas

Kjøpt tilbake av lokale eigarar
Kraftmontasje var i kring ti år eigd frå Sverige, men i 2018 tok lokale krefter eigarskapet tilbake. Dei største eigarane er Axkraft, som er eigd av Axess-gruppen i Molde, og selskapet Kraftpartner. Begge har drygt 35 av aksjane.

– Det er eit eigarskap av lokale gründere og industribyggarar. I tillegg eig Kraftmontasje Invest kring 18 prosent. Det består at kring 50 tilsette, som ville vere med prosessen med å kjøpe selskapet tilbake på lokale hender, fortel Søraas.

– Det er svært positivt med så engasjerte tilsette, legg han til.

Publisert: 10.12.2021 11:26

Sist oppdatert: 10.12.2021 11:26

Mer om