Redaktoer til topps i Norske Skipsverft
BERGEN: Asle Strønen skal kombinere rolla som redaktør i Skipsrevyen og vere adm. dir. Norske Skipsverft.
Nytt

Redaktør til topps i Norske Skipsverft

Redaktør Asle Strønen i Skipsrevyen overtek etter Birger Skår som direktør i Norske Skipsverft.

20.06.2016
- Det er ikkje lett å erstatte Birger Skår, som har leia Norske Skipsverft i 25 år. Han er på mange måtar ein institusjon, men vi meiner at vi har funne ei god løysing.
Dette seier styreleiar Hugo Strand i Norske Skipsverft.
Skår har leia sekretaratet i Norske Skipsverft samstundes som han har drive skipsmeklarselskapet J Gran & Co i Bergen.
No har Skår gått av med pensjon, men han har sagt seg villig til å bistå Norske Skipsverft ut året.

Mister kontraktar

Hugo Strand seier at norske skipsverft har ei rekkje utfordringar, og trur at ein erfaren medieperson som Asle Strønen kan bidra til å få betre fram desse utfordringane.
- Kven hadde trudd at det skulle byggjast ei norsk batteriferje i Tyrkia? Det var ikkje slik det var tenkt.
- No forsvinn det også fiskebåtkontraktar til Spania, Tyrkia og Polen - som absolutt burde ha gått til norske verft, seier Strand, som til dagleg er verftsdirektør ved Fitjar Mek. Verksted.
Norske Skipsverft er ein felles sals- og marknadsorganisasjon for meir enn 20 norske verft. Sekretariatet ligg i Bergen.
Les meir
I Bergen har også Asle Strønen hatt sin arbeidsplass i 35 år som redaktør for Skipsrevyen.

Ikkje berre negativt

Strønen seier at han gler seg til å ta fatt på jobben som sekretariatsleiar for Norske Skipsverft.
- Sjølv om det er utfordringar både rundt rammebetingelsar og med permitteringar, oppseiingar og reiarar som ikkje overtek skipa når dei er ferdige, er det også positive trekk.
- Mellom anna er det fleire små og mellomstore verft som har god ordrebok, og som driv med spennande nyutviklingsprosjekt.
Strønen vil halde fram som redaktør i Skipsrevyen, og vert tilsett som adm. dir i Norske Skipsverft med ein mindre stillingsprosent.

- God løysing

Han seier at løysinga er diskutert både internt og med eigaren Vitamin Holding.
- Vi ser på dette som ei god løysing for alle partar.
Strønen vart kontakta direkte av styret i Norske Skipsverft.
- Eg kjenner godt til bransjen. I tillegg kjenner eg godt til media, og ønskjer å vere ein sekretariatsleiar som i samråd med styret kan bidra til å løfte fram felles utfordringar og organisere felles aktivitetar.
Kven hadde trudd at det skulle byggjast ei norsk batteriferje i Tyrkia? 

Publisert: 20.06.2016 11:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58