ANALYSEDet er viktig å velje den rette.Eigarane som selde Volda Mekaniske Verksted til Scana Industrier i 1998 gjorde kanskje ikkje det. Etter oppkjøpet blei den over 100 år gamle bedrifta til Scana Volda, den største og viktigaste bedrifta i Scana Propulsion, eitt av tre forretningsområde i børsnoterte Scana Industrier.No er , for å skaffe pengar i kassa til Scana Industrier. Gir- og propellprodusenten Volda Scana skal ikkje eige, men leige. Målet er å få inn 48 millionar kroner i kassa, og leige attende anlegget for fem millionar kroner i året. I løpet av fem år vil Scana Volda ha betalt tilbake over halve kjøpesummen til dei nye eigarane. Dessutan er det ikkje sikkert at konsernet får 48 millionar kroner for anlegget heller, sjølv om kjøparen får ein leigeavtale som varer ut 2029 og er garantert av Scana-konsernet med på kjøpet. Dette er eit tilbod som fortel at Scana Industrier verkeleg er i beit for kontantar.Også sjølve Scana Volda er i spel. for å redusere gjeld og auke lønsemda.I same perioden som Scana Industrier har henta ut 130 millionar i konsernutbytte, har Scana Volda eit samla overskot før skatt på 197 millionar kroner. Hadde desse pengane blitt att i verksemda, kva då? Ordreboka har krympa siste åra, og deler av arbeidsstokken har vore permittert sidan før jul 2013. No går alle og ventar på svar på kor mange av dei nesten 160 tilsette som må ut av døra for godt.Hadde pengane blitt att i bedrifta kunne for eksempel Scana Volda investert meir i produksjon og marknadsføring. Det kunne gjort produksjonen billegare og sikrar verksemda sine gir- og propellar større gjennomslag. Det er lett å tenkje at nedbemanninga som står for døra kunne vore unngått, eller i det minste blitt mindre dramatisk.Men før du konkluderer med at Scana Industrier aldri burde blitt eigar av tidlegare Volda Mekaniske Verksted er det verdt å minne om kva som var situasjonen i 1998.To år før salet, i 1996, hadde nesten alle dei tidlegare eigarane takka nei til å skyte inn meir eigenkapital i selskapet. Verksemda var i kneståande. Volda og Ørsta Sparebank (no Sparebank 1 Søre Sunnmøre) hadde garantert for kapitalutvidinga og måtte skyte inn mesteparten av pengane, ein million kroner. Banken auka sin eigarandel frå sju til 34,4 prosent, og kunne innkassere ein gevinst på 8,3 millionar då Scana Industrier kjøpte verksemda i 1998.Scana Industrier fekk ikkje umiddelbar glede av investeringa si. I åra 1999-2002 hadde Scana Volda eit samla underskot før skatt på nesten 34,7 millionar kroner. Då var det greit å ha eit konsern i ryggen. Det er god dekning for å seie at Scana Industrier løfta tidlegare Volda Mekaniske Verksted ut av ei krise og rusta bedrifta til å vere med på oppgangen som kom i skipsbygging frå 2002 og fram til i dag.Men det som var bra på slutten av 90-talet er ikkje nødvendigvis bra i dag. No går pengestraumen feil veg, sett frå Volda si side. I dag kan det godt hende at Scana Volda ville hatt det betre med ein annan eigar, anten som eit frittståande selskap eller som ein del av eit større konsern. Bortsett frå at Scana Industrier hadde pengar då Scana Volda trengde dei, er det ikke openbert at ein gir- og propellprodusent passar i best i eit konsern som også driv med store stålkonstruksjonar og utstyr og service for oljeinstallasjonar.No er Scana Industrier er blitt ein klamp om foten for Scana Volda. Men utan Scana Industrier er det ikke sikkert Scana Volda hadde hatt ein fot å ha ein klamp om.
Publisert: 11.05.2014 06:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:32