Situasjonen i fiskeforedlingselskapet Norway Seafoods er så pressa at Havfisk tidlegare i år avgjorde å ta tapsavsetningar på husleige frå sin største kunde, Norway Seafoods.
Dei to selskapavar opprinnelig eitt - Aker Seafoods - men blei delt i to i 2010. Foredlingsverksemda blei ført vidare i Norway Seafood, fiskeriverksemda i Havfisk ASA. Landanlegga blei liggande i Havfisk, og Norway Seafoods skulle leige.
Heretter er leiga knytt til om Norway Seafoods tener pengar eller ei, går det fram av , som vart lagt fram i dag tidleg.
Utgangspunktet er resultat før skatt, renter og av- og nedskrivingar (EBITDA) dei fire siste kvartal. Blir det underskot blir det ikkje husleige. Deretter stig leiga opp til 130 prosent av dagens nivå dess større overskotet blir. For å få like stor husleige som i dag (8,4 millionar kroner) må Norway Seafoods få ein EBITDA på 50 millionar kroner. Til samanlikning hadde Norway Seafoods-konsernet ein EBITDA på fire millionar kroner i fjor.
Hermes har saksøkt Havfisk etter at det ikkje blei noko av ein båt-og kvotehandel.
Hermes avtalte i desember 2013 å kjøpe Havfisk sin over 40 år gamle ferskfisktrålar "Jergul", men handelen blei i følge Havfisk ikkje noko av fordi styresmakten ikkje godkjende transaksjonen.
Hermes er usamd i at Havfisk kunne trekke seg og krev 150,3 millionar kroner i erstatning, eit krav Havfisk karakteriserer som "grunnlaust" og i ein storleik som uansett ikkje gjenspeglar verdien av avtalen.
Dei to selskapavar opprinnelig eitt - Aker Seafoods - men blei delt i to i 2010. Foredlingsverksemda blei ført vidare i Norway Seafood, fiskeriverksemda i Havfisk ASA. Landanlegga blei liggande i Havfisk, og Norway Seafoods skulle leige.
Kuttar leiga
Husleiga var i utgangspunktet på 10,1 millionar kroner i året, men frå tredje kvartal i år er det laga ein ny leigeavtale. I tillegg er eitt anlegg er avvikla i sommar, slik at årleg leigenivå vart redusert til 8,4 millionar kroner.Heretter er leiga knytt til om Norway Seafoods tener pengar eller ei, går det fram av , som vart lagt fram i dag tidleg.
Utgangspunktet er resultat før skatt, renter og av- og nedskrivingar (EBITDA) dei fire siste kvartal. Blir det underskot blir det ikkje husleige. Deretter stig leiga opp til 130 prosent av dagens nivå dess større overskotet blir. For å få like stor husleige som i dag (8,4 millionar kroner) må Norway Seafoods få ein EBITDA på 50 millionar kroner. Til samanlikning hadde Norway Seafoods-konsernet ein EBITDA på fire millionar kroner i fjor.
Rettsak etter avlyst kjøp
I neste veke møtes Havfisk og fiskebåtreiarlaget Hermes i Nord-Troms tingrett for å avgjere ein strid om 150,3 millionar kroner.Hermes har saksøkt Havfisk etter at det ikkje blei noko av ein båt-og kvotehandel.
Hermes avtalte i desember 2013 å kjøpe Havfisk sin over 40 år gamle ferskfisktrålar "Jergul", men handelen blei i følge Havfisk ikkje noko av fordi styresmakten ikkje godkjende transaksjonen.
Hermes er usamd i at Havfisk kunne trekke seg og krev 150,3 millionar kroner i erstatning, eit krav Havfisk karakteriserer som "grunnlaust" og i ein storleik som uansett ikkje gjenspeglar verdien av avtalen.
Publisert: 06.11.2015 09:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:49