Zakariasdammen innfelt erik espeset foto kjetil 11
ZAKARIASDAMMEN: No kan kanskje vatnet som ligg i Zakariasdammen ligge enno lenger, meiner Tafjord-sjef Erik Espeset (innfelt) - om forslaget om avvikling av høgprisbidraget blir vedtatt. Arkivfoto: Kjetil Haanes
Nytt

– Regjeringa har heldigvis tatt til fornuft

Vil avvikle høgprisbidraget frå kraftselskapa. Kan bli enklare å spare på vatnet i magasina.

I fjor innførte regjeringa høgprisbidraget på vasskraft og vindkraft. Dei anslo då å tene 16 milliardar kroner årleg på det.

I statsbudsjettet for 2024 foreslår dei å fjerne bidraget allereie frå 1. oktober.

Statsminister Jonas Gahr Støre trakk i ei pressemelding frå regjeringa fram at høgprisbidraget var eit godt eksempel på at det norske samfunnet er eit spleiselag.

– I ei urolig tid med svært høge straumprisar, fekk kraftprodusentar ekstraordinært høge overskot.

– Lite fornuftig
Høgprisbidraget skulle mellom anna finansiere straumstøtta. Forventninga framover er at straumprisbidraget vil vere lågare, og det er difor dei vil avvikle ordninga.

– Dette viser at regjeringa og det politiske miljøet har fått med seg frå dei aller fleste av oss kor lite fornuftig det har vore, seier dagleg leiar i Tafjord Kraft, Erik Espeset.

Bidraget har skapt stor utryggleik, utsetjing av investeringar, oppgradingar og nybygging av magainskraft for kraftselskap.

Vil førebu dei på krisetider
Om forslaget trer i kraft fortel Espeset at det vil bli enklare å tørre å spare meir vatn i magasin dei har langtidslagring.

– Insentivet til å spare vatn til tørkeperioder er mykje mindre. No får vi faktisk ei mulegheit til å spare vatn.

Slik bør det vere, meiner han. Nokre aktørar lagrar vatn kortsiktig, medan andre vågar på å spare til ein krisesituasjon.

– Då blir det høgre prisar, men det vil hjelpe samfunnet ut av situasjonen.

Enklare å sette i gang prosjekt

For bransjen meiner Espeset at planar som selskap har lagt i skuffa medan høgprisbidraget har stått, vil bli tatt fram igjen.

– Vi har likevel ingen garanti for at høgprisbidraget kan kome tilbake i ei anna form. Det skadelege her er at når ein har brukt eit slikt middel og skapt utryggleik, vil det gå nokre år før den følelsen er vekke.

Publisert: 06.10.2023 14:40

Sist oppdatert: 06.10.2023 15:20

Mer om