NPK-NTB-Kristian Skårdalsmo: Det kjem fram i om koronalova som koronakomiteen på Stortinget gav frå seg måndag. Saka vart behandla i plenum tysdag.
– Heile komiteen peikar på behovet for evaluering av heile lovverket for krisehandtering, seier MDGs nasjonale talsperson Une Bastholm til NTB.
Ho sit i den særskilde koronakomiteen, som blir leidd av stortingspresident Tone W. Trøen (H).
– Det samla lovverket må sjåast i samanheng. Vi ber regjeringa evaluere korleis lovene fungerer saman, forklarer Bastholm.
Stortingsfleirtalet går inn for å forlengje den spesielle koronalova med éin månad, til 27. mai. Saka skal gjennom behandlinga for andre gong fredag.
Hytteforbodet vart heimla i smittevernlova, utan eksplisitt å ha smittevern som formål. Derimot handla tiltaket om å unngå overbelastning på helsevesenet i kommunar med mange hytter, spesielt i påska.
Bastholm peikar på at forskrifter heimla i smittevernloven, er underlagt mindre demokratisk kontroll og openheit enn koronalova.
MDG-toppen ser for seg at koronalova, smittevernlova, beredskapslova, sivilvernlova og helseberedskapslova blir tekne med i evalueringa regjeringa no må gjere.
– Målet er å sikre heilskapleg krisehandtering, med betre rettstryggleik og demokratisk kontroll, seier ho.
Lova gir regjeringa vide fullmakter til å køyre gjennom forskrifter ho meiner er nødvendige for å handtere koronakrisa.
Stortinget stramma likevel inn det opphavlege forslaget frå regjeringa betydeleg. I tillegg til at ho skal vare kort, kan éin tredel av stortingsrepresentantane stanse ei forskrift innan eitt døgn etter at ho er sett fram.
Så langt er fleire tital mellombelse forskrifter innførte med heimel i lova, medan nokre få er stansa av dei folkevalde. Forlenginga gjer mellom anna at forskriftene som er innførte dei siste vekene, blir vidareførte.
– Vi har merka oss at regjeringa i dag ikkje har planar om å fremje nye forskrifter under lova, men ønskjer forlenging – primært for at dei forskriftene som allereie er vedtekne ved bruk av lova, ikkje skal opphøyre allereie om ei veke, seier arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre til NTB.
– Heile komiteen peikar på behovet for evaluering av heile lovverket for krisehandtering, seier MDGs nasjonale talsperson Une Bastholm til NTB.
Ho sit i den særskilde koronakomiteen, som blir leidd av stortingspresident Tone W. Trøen (H).
– Det samla lovverket må sjåast i samanheng. Vi ber regjeringa evaluere korleis lovene fungerer saman, forklarer Bastholm.
Stortingsfleirtalet går inn for å forlengje den spesielle koronalova med éin månad, til 27. mai. Saka skal gjennom behandlinga for andre gong fredag.
Hytteforbod
Koronapandemien har i halvannan månad prega Noreg og ført til ei rekkje svært inngripande tiltak. Blant dei mest omdiskuterte grepa var forbodet mot å overnatte på hytta, som varte frå 19. mars til 20. april.Hytteforbodet vart heimla i smittevernlova, utan eksplisitt å ha smittevern som formål. Derimot handla tiltaket om å unngå overbelastning på helsevesenet i kommunar med mange hytter, spesielt i påska.
Bastholm peikar på at forskrifter heimla i smittevernloven, er underlagt mindre demokratisk kontroll og openheit enn koronalova.
MDG-toppen ser for seg at koronalova, smittevernlova, beredskapslova, sivilvernlova og helseberedskapslova blir tekne med i evalueringa regjeringa no må gjere.
– Målet er å sikre heilskapleg krisehandtering, med betre rettstryggleik og demokratisk kontroll, seier ho.
Forlengjer koronalova
Senterpartiet, SV og Raudt seier nei, men resten av opposisjonen går saman med regjeringspartia i ønsket om å forlengje koronalova.Lova gir regjeringa vide fullmakter til å køyre gjennom forskrifter ho meiner er nødvendige for å handtere koronakrisa.
Stortinget stramma likevel inn det opphavlege forslaget frå regjeringa betydeleg. I tillegg til at ho skal vare kort, kan éin tredel av stortingsrepresentantane stanse ei forskrift innan eitt døgn etter at ho er sett fram.
Så langt er fleire tital mellombelse forskrifter innførte med heimel i lova, medan nokre få er stansa av dei folkevalde. Forlenginga gjer mellom anna at forskriftene som er innførte dei siste vekene, blir vidareførte.
– Vi har merka oss at regjeringa i dag ikkje har planar om å fremje nye forskrifter under lova, men ønskjer forlenging – primært for at dei forskriftene som allereie er vedtekne ved bruk av lova, ikkje skal opphøyre allereie om ei veke, seier arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre til NTB.
Publisert: 22.04.2020 08:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56