Per Sævik dåp Havila Capella foto Ogne
VIL HA TUNNEL: Styreleiar Per Sævik i Havila Kystruten vil bruke Stad Skiptunnell som ein ekstra attraksjon på reisa mellom Bergen og Kirkenes. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Reknar med at regjeringspartia set ned foten

SV vil ikkje byggje Stad Skipstunnel. Per Sævik reknar med at Ap og Sp står fast på at tunnelen skal byggast.

08.11.2022

I sitt alternative statsbudsjett har SV ikkje løyvd pengar til Stad Skipstunnel. Samstundes er SV partiet regjeringspartia Ap og Sp søkjer til for å sikre fleirtal for statsbudsjettet for 2023.

- Eg registrerer at det er stilt og tyst frå SV sine representantar langs kysten, seier styreleiar Per Sævik i Havila Kystruten om SV sitt framlegg om å ikkje setje i gang med bygginga.

Havila Kystruten har vore positiv til skipstunnelen og rekna den som ein ekstra attraksjon på reisa mellom Bergen og Kirkenes,.

-Heilt utruleg
- Det er heilt utruleg at dei kan finne på å fjerne småpengar, som det er i dette tilfellet her, seier Sævik om framlegget frå SV.

No forhandlar partiet med regjeringspartia Ap og Sp om kva som skal til for å sikre fleirtal for statsbudsjettet.

Sævik seier han forventar at dei to regjeringspartia ikkje gir etter for SV i spørsmålet om skipstunnelen.

Skipsdåp
I dag var Sævik med på dåpen av Havila Capella, som trafikkerer gods- og passasjerruta mellom Bergen og Kirkenes, der Havila Kystruten skal ha fire skip, og deler ruta med konkurrenten Hurtigruten ASA.

I helga skreiv Finansavisen at Staten er klaga inn for Eftas kontrollorgan ESA for ulovleg statstøtte til Havila Kystruten. Klagaren, som ikkje er offentleggjort kven er, meiner manglande krav om erstatning eller krav om å setje inn erstatningfartøy på grunn av forseinka levering av skip er å rekne som ulovleg statsstøtte til Havila Kystruten.

Sævik understrekar at Havila Kystruten ikkje er part i klagesaka og seier han ikkje veit kven klagaren er.

I lys at behandlinga Hurtigruten fekk under koronatida, der skip kunne leggast i ro, har han ingen grunn til å tru at det er Hurtigruten som er klagar, seier han.

Publisert: 08.11.2022 15:13

Sist oppdatert: 08.11.2022 20:08

Mer om