Meiner Staten gir ulovleg Havila-støtte
Staten er klaga inn til ESA fordi Havila Kystruten ikkje er pålagt å betale kompensasjon for skip som er for seint leverte.
Då Havila Kystruten saman med Hurtigruten ASA vann oppdraget med å trafikkere gods- og passasjerruta mellom Bergen og Kirkenes var avtalen at Havila Kystruten skulle ha fire skip klare til kontraktstart i 2021.
Framleis er to skip ikkje levert, og det siste skal først i trafikk i mars neste år. Staten har imidlertid ikkje kravd kompensasjon for at skipa ikkje var klare i tide. Det er dette manglande kravet klagaren meiner er ulovleg statsstøtte til Havila Kystruten, skriv Finansavisen.
Ein milliard kroner
Ifølgje klagen til Efta sitt overvakingsorgan, som avisa refererer, er det snakk om mellom 400 millionar og ein milliard kroner som Havila Kystruten skulle betalt.
«Samferdselsdepartementet ser ut til bare å ha besluttet å frita selskapet fra denne gjelden uten å få noe tilbake. Støtten til Havila er ulovlig, ettersom det ikke finnes noe rettslig grunnlag for at denne kunne gis....», siterer Finansavisen frå klagen.
Klagaren er ikkje namngitt.
Staten har bedt om frist til 8. desember med å kommentere klagen.
Finansdirektør Arne Johan Dale i Havila Kystruten seier til Finansavisen at det er staten som er innklaga og at reiarlaget vil vente på utfallet av sakshandsaminga.
Må betale for nye forseinkingar
Til Finansavisen har statssekretær Jacob Bjelland (Sp) i Samferdelsdepartementet tidlegare sagt at Havila Kystruten må betale kompensasjon eller stille med erstatningsskip dersom dei to siste skipa ikkje er klare til bruk i høvesvis slutten av desember i år og slutten av mars neste år, slik Havila Kystruten har sagt dei skal vere.
Havila Kystruten skulle opphavleg byggje to skip i Spania og to i Tyrkia. Kontrakten med det spanske verftet vart avbroten og det tyrkiske verftet tok over bygginga også av dei to skipa som skulle byggast i Spania.
Det økonomiske oppgjeret om Spania-kontrakten er no til avgjerd i det britiske rettsapparatet.
Publisert: 07.11.2022 09:44
Sist oppdatert: 07.11.2022 11:26