Lang seglas fram til dåp
Nær elleve månader etter jomfruturen kunne gudmor Hege Sævik Rabben kaste fossevatn frå Geiranger mot skutesida av Havila Capella.
Det har vore ein lang og krevjande seglas fram til dåpen, som skjedde på Mjølstaneset, der Havila Kystruten har hovedkontor.
Havila Capella var det første nye skipet i Kystruten Bergen – Kirkenes på 18 år, men først vart skipet forseinka frå Tersan-verftet i Tyrkia, deretter vart jomfruturen utsett, før skipet endeleg kunne segle frå Bergen 12. desember i fjor.
Planen var å invitere til ope skip ved dei 34 hamnene, men korona og smitte sette ein stoppar for dette. Likevel var det ei markering i kvar hamn, med overlevering av reiarlagsvimplar, og over alt vart nysatsinga helsa hjarteleg velkomen.
Korona, krig og sanksjonar
Dåpen var planlagt til 15. januar, men måtte utsetjast på grunn av smittesituasjonen. Men problema stoppa ikkje der. 12. april vart Havila Capella lagt i opplag grunna sanksjonar mot Russland der Havila Kystruten hadde skaffa finansiering med det russiske leasingselskapet GTLK.
28. juni kunne skipet setjast inn i ruta igjen, og etterpå har Havila Capella gått fast opp og ned kysten mellom Bergen og Kirkenes, inkludert turar til Geiranger og Hjørundfjorden i sommarsesongen.
Havila Capella har nemleg verdas største batteripakke for passasjerskip, og kan segle fire timar berre på batteri.
LNG-drift
Reiarlaget har satsa rundt ein halv milliard kroner på å gjere sine fire skip miljøvenlege med bruk av LNG og ei rekke andre tiltak som reduserer CO2-utsleppa med 40 prosent og NOx-utsleppa med 90 prosent samanlikna med tilsvarande skip som brukar fossilt drivstoff. Også matsvinnet er sterkt redusert.
Den grøne satsinga har fått både nasjonal og internasjonal merksemd, og Havila Capella fekk tidlegare i år prisen «Next Generation Ship Award» under Nor-Shipping-messa på Lillestrøm. I tillegg er Havila Kystruten nominert til Matprisen 2022.
Havila Capella er 124,1 meter lang, 22 meter brei og har ein passasjerkapasitet på 640. Kvart av dei fire skipa kostar rundt ein milliard kroner.
Havila Castor skal døypast i Ålesund 14. november, og etter planen skal skip nummer tre, Havila Polaris, inn i rute frå nyttår.
Publisert: 08.11.2022 13:41
Sist oppdatert: 08.11.2022 23:47