KIN North West 2022 foto KIN 11 32d54dee98d9214bae8e2fa30768ddaf
STØRRE AKTIVITET, FLEIRE MEDLEMAR: Kvinner i næringslivet (KIN) blei etablert i 2021. Målet er mellom anna fagleg påfyll og å bygge eit nettverk for kvinner i næringslivet på Nordvestlandet. Biletet er frå eit tidlegare arrangement. Foto: KIN
Nytt

Rekord for kvinnenettverk

190 påmeldt til årets første arrangement hos Kvinner i næringslivet.

18.01.2024

Organisasjonen Kvinner i næringslivet (KIN) har fått ein rakettstart på 2024, der målet er ein kraftig auke i talet på medlemar.

190 er påmeldt til årets første KIN-arrangement, på Pir-bygget i Ålesund i kveld, torsdag 18. januar. Det betyr fullt hus, og det største arrangement KIN har hatt målt i talet på deltakarar sidan starten hausten 2021.

Styreleiar Emma Kristine Lausund i KIN seier organisasjonen per i dag har omlag 70 betalande medlemar, men har hatt langt fleire deltakarar på arrangementa sine.

Planen er å vekse ved å få deltakarane til å melde seg inn. Medlemskontingenten på 500 kroner blir også inngangsbilletten til mange av arrangementa.

KIN skal kombinerer fagleg påfyll med sosiale arrangement for nettverksbygging.

Torsdag kveld skal påtroppande NHO-sjef i Møre og Romsdal og avtroppande sjef for Næringsforeningen i Ålesund-regionen, Lene Trude Solheim, halde innlegg.

Det skal også marknad- og kommunikasjonssjef Sarah Isabella Aarøe i Parkly og sjølvstendig næringsdrivande personleg trenar Andrea Isaksen Schmidt.

Nettsida til KIN finn du her (ekstern lenke)

Aukar aktiviteten
Nye medlemar skal også rekrutterast av eit større tilbod.

– Vi har sett opp eit årsjul med cirka eitt arrangement i månaden, seier Lausund.

Dei første åra har storparten av aktiviteten vore i første halvår. I år blir det fleire arrangement også etter sommaren, og større variasjon mellom arrangement med fagleg innhald og reine sosiale arrangement.

KIN starta som ein organisasjon for kvinner under 35 år, men forlet raskt aldersgrensekravet og opna opp for alle aldersgrupper,

Satsa på KIN
I regi av Næringsforeningen Ålesundregionen vart et kvinnenettverket etablert i 2016, men aktiviteten dabba av med koronapandemien.

Då Næringsforeningen Ålesundregionen diskuterte korleis nettverket «Damene først» skulle få ein nye start dukka KIN opp på banen.

I staden for å ha ein konkurrerande organisasjon satsa næringsforeningen heller på eit samarbeid med KIN, seier Solheim til NETT NO.

Publisert: 18.01.2024 11:58

Sist oppdatert: 19.01.2024 00:01

Mer om