Tine Storøy foto Høyre 11
FØRSTE KVINNEORDFØRAR: Tine Storøy frå Høgre blir den første kvinnelege ordføraren i Herøy når ho tek over etter Bjørn-Halvor Prytz (Ap). Foto: Høyreetter
Nytt

Seks av 21 ordførarar i nordvest er kvinner

Statsvitar meiner det må tenkast annleis i rekrutteringa av kvinner til politikken.

03.10.2023

(NPK-Toralf Larsen Vallestad-NETT.NO): Det er framleis flest menn som har ordførarvervet i norske kommunar.

Seks av 21 ordførarar på Nordvestlandet i den komande perioden, vil vere kvinner (sjå liste under).

Også i førre periode var det seks kvinnelege ordførarar mellom dei 21 kommunane NETT NO dekker på Sunnmøre, Romsdal og Nordfjord.

Færre kvinner stilte i lokalvalet
Ved årets val var det også færre kvinnelege kandidatar som stilte til val i år enn ved førre lokalval i 2019.

Då hadde det ikkje vore fleire kvinnelege ordførarar i Noreg nokosinne, og andelen hadde meir enn fordobla seg dei siste 20 åra.

– Å sjå færre kvinner i viktige verv er ei generell bekymring, sjølv om endringa i prosentpoeng ikkje nødvendigvis er så stor, seier postdoktor ved Institutt for politikk og forvaltning Torill Stavenes ved Universitetet i Bergen til Nynorsk pressekontor (NPK).

– Det er jo litt synd fordi den utviklinga bør jo gå mot likskap, snarare enn ulikskap.

Utsira fekk kvinne som ordførar i 1926
Den fyrste kvinnelege ordføraren i Noreg fekk overrekt ordførarkjeda for om lag hundre år sidan. Pioneren heiter Aasa Helgesen , og ho leidde den vesle øykommunen Utsira i Rogaland frå 1926 til 1928. Den gongen fekk ho telegram frå kvinnesaksforeiningar over heile verda.

I 2023 er me komne nokre steg lengre. Sidan 1990-talet har kvinneandelen blant dei folkevalde lege mellom 35 og 40 prosent, skriv Statistisk sentralbyrå. Av dei 53.300 personane stilte til haustens val var 23.260 av dei kvinner.

Annleis å rekruttere kvinner

Postdoktor Stavenes seier at ein nokre gonger må gå litt annleis fram når ein skal rekruttera kvinner i politikken.

– Det ein ser er at kvinner ofte må spørjast og oppmodast på ein annan måte enn menn, og gjerne fleire gonger. Kva det kan koma av er ikkje godt å seia. Det kan vera alt frå familiære ting til personlege politiske ambisjonar, seier ho.

Meir balanse blant dei yngre
Hjå dei yngre aldersgruppene er kjønnsbalansen noko meir jamna ut. Men det er òg færre som er under 40 som stiller.

– Det er fascinerande dette med dei unge i politikken i Noreg. Noreg har eit ungt parlament samanlikna med mange andre land. Me har ein sterk tradisjon for at norske politikarar blir trente opp i ungdomsorganisasjonane til partia. Eg vil tru at kjønnsbalansen på dei som blir rekrutterte inn er relativt jamn, og dette kan òg forplanta seg vidare i politikken, i alle fall dei fyrste åra.

41 prosent av dei som har sete i kommunestyra i Noreg dei siste fire åra har vore kvinner. Det er 47 prosent mindre enn Island og 43 prosent mindre enn Sverige. Finland har 40 prosent kvinner. Danmark har 36 prosent.

Flest menn er listetoppar
Av dei store partia, er det SV som har høgast andel kvinner med 56 prosent. Frp har den lågaste andelen på 27 prosent. I kommunestyrevalet i år er rundt 40 prosent av alle kandidatane mellom 40 og 75 år.

Dei fleste listetoppane ved valet i år var menn. Partia set nokre av kandidatane sine på fyrsteplass på lista. Dette er gjerne den som til slutt blir ordførar eller byrådsleiar i kommunen. Kvinneandelen blant listetoppane var 33 prosent i år. Det er ein auke på 2 prosentpoeng sidan førre lokalval.

– Å velja kandidat er noko som er opp til partiet. Nokre parti, særleg på venstresida og i sentrum, har vedtekne kvotar for kor mange kvinner dei skal ha på listene sine. Dei har rett og slett forplikta seg til at dei må oppnå det, seier Stavenes.

Kva seier veljarane?
Ein analyse gjennomført av SSB viser at veljarane ved valet i 2019 var meir opptekne av at representantane kom frå ulike geografiske delar av kommunen enn dei var av kjønnet til representanten. Veljarane på venstresida (Ap, SV og Raudt) var meir opptekne av kjønnsbalansen enn dei som stemde Høgre og Frp.

26 prosent av kvinnene som gav personstemme i 2019 sa at kjønn hadde ei stor eller viss rolle for om dei skulle gje personstemme eller ikkje. 13 prosent av mennene svarte det same.

Om lag halvparten av kommunestyrerepresentantane blir bytte ut ved kvart val. Ved valet i 2019 var det 48 prosent som blei attvalt. Same år var det 43 prosent av kvinnene som blei attvalde mot 51 prosent blant mennene.

Ordførarar på Nordvestlandet neste periode:

  • Gloppen: Arnar Kvernevik (Ap)
  • Kinn: Bengt Solheim-Olsen (H)
  • Stad: Sigurd Reksnes (Sp)
  • Stryn: Per Kjøllesdal (Sp)
  • Fjord: Terese Jemtegård Moen (Sp)
  • Giske: Kenneth Langvatn (H)
  • Haram: Vebjørn Krogsæter (Sp)
  • Hareid: Bernt Brandal (Folkelista for Hareid)
  • Herøy: Tine Storøy (H)
  • Molde: Trygve Grydeland (H)
  • Rauma: Yvonne Wold (SV)
  • Sande: Dag Vaagen (H)
  • Stranda: Einar Arve Nordang (H)
  • Sula: Turid Humlen (H)
  • Sykkylven: Olav Harald Ulstein (Frp)
  • Ulstein: Stian Skorgen Scheide (H).
  • Vanylven: Paul Sindre Vedeld (Sp)
  • Vestnes: Randi Bergundhaugen (H)
  • Volda: Sølvi Dimmen (Sp)
  • Ørsta: Per Are Sørheim (H)
  • Ålesund: Håkon Lykkebø Strand (Frp)

Publisert: 03.10.2023 09:35

Sist oppdatert: 03.10.2023 11:38

Mer om