Rekord men ikkje over 100 milliardar
NESTEN: Fiskeriminister Harald Tom Nesvik har lova å bli sittande til fiskeeksporten passerer 100 milliardar kroner årleg. Det betyr minst eitt år til. 
Nytt

Rekord, men ikkje over 100 milliardar

Fiskeriminister Harald Tom Nesvik fekk berre nesten den rekorden i sjømateksporten han håpa på for 2018.

07.01.2019
Verdien av norsk sjømateksport enda på 99 milliardar kroner i 2018 viser statistikken frå Norges Sjømatråd. Det er ny rekord, men berre nesten så mykje som fiskeriminister Harald Tom Nesvik hadde ynskt seg.
- Passerer ikkje fiskereksporten 100 milliardar kroner i år blir eg sittande til den blir det, sa Nesvik då han møtte fiskebåtreiarane på årsmøtet til Fiskebåt Vest fredag 7. desember i 2018.
Då håpa han ekstra innspurt i desember skulle dra verdien av fiskeeksporten over den psykologisk viktige 100-milliardgrensa, men i staden enda 2018 som analytikar Paul T. Aandal i Sjømatrådet spådde då novembertala var klare, med en eksportverdi hårfint under 100 milliardar kroner.

Valutagevinst

Det er først og fremst høgare prisar som har gitt stor vekst i verdien av sjømateksporten over fleire år.
- Medan verdien av eksporten har auka med 60 prosent de siste fem åra, har volumet auka med knapt 10 prosent. Større volumvekst er derfor sterkt ønskjeleg for å utvikle næringa videre. Målet vårt er at næringa skal fortsette å vekse, seier Nesvik i ei pressemelding.

Eit anslag NETT NO fekk gjort etter at novembertala for sjømateksporten var klar konkluderte med at rundt halvpraten av verdiauken på sjømateksporten dei siste seks åra skuldast gunstig valutakursutvikling. Norske ai tørar har fått betre betalt, utan av prisen på norsk sjømat i utlandet har auka tilsvarande.
Berre i fjor utgjorde den ekstra drahjelpa frå valutamarknaden rundt 25 milliardar kroner i gevinst til sjømatnæringa.

Oppdrett over 70 prosent

Oppdrettsnæringa sto for over 70 prosent av verdien av norsk sjømateksport i fjor.
Lakseksporten utgjorde 67,8 milliardar. Det er fem prosent høgare verdi enn i 2017. Eksportvolumet av laks auka også med fem prosent, til 1,1 millionar tonn.
Aureksporten blei tre milliardar kroner.

Torsk på topp

Torsken er den viktigast arten for fiskarane, målt i eksportverdi.
Torskeeksporten auka med fire prosent, til 9,4 milliardar kroner i fjor. Det skjedde samstundes som volumet i torskeeksporten gjekk ned med ni prosent, til 197.000 tonn frå 2017 til 2018.
Makrell er nest største art, målt i eksportverdi. Det blei eksportert 255.000 tonn makrell for 3,8 milliarder kroner i 2018. Det er en volumnedgang på 24 prosent, medan verdien fall med 300 millioner kroner eller sju prosent samanlikna med 2017.

Rekord for klippfisk

Både klippfisk- og tørrfisknæringa sette ny rekordar for eksportverdi i fjor.
- Det var eksportrekord for både klippfisk og tørrfisk målt i verdi i 2018. Prisveksten på enkelte produkt av torsk og hyse har vore svært høg i 2018. Spesielt ser vi det for fersk og fryst heil, i tillegg til klippfisk og saltfisk. Dei norske produktene har en sterk posisjon i marknadar som Portugal og Spania og det er en viktig driver i denne utviklinga, seier sjømatanalytikar i Sjømatrådet Ingrid Kristine Pettersen i pressemeldinga.
Noreg eksportert 91.600 tonn klippfisk for 4,2 milliarder kroner i 2018. Det er ein volumauke på tre prosent og ein verdiauke på fire prosent.

Mindre bearbeiding

Frå 2010 til 2018 har andelen av sjømat som går ubearbeida ut av landet auka frå 67 til 72 prosent. Det er ei utvikling som uroar administrerande direktør Renate Larsen i Norges Sjømatråd.
- Den høge andelen ubearbeida fisk viser at vi har verdiar på avvege, og det er et stort potensial for økt verdiskaping i Noreg i form av både auka verdi på produkta, utnytting av restråstoff og fleire arbeidsplasser, seier Larsen i pressemeldinga.
95 prosent makrellen, av 84 prosent av laksen og 42 prosent av torsken blir send ubearbeida ut av landet i følgje Norges Sjømatråd.

Publisert: 07.01.2019 09:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30