Wenaasgruppen foto Wikimedia commons
HOTELLOPPSVING: Romprisen på Wenaashotella nådde rekordnivå i fjor. Konsernet har hovudkontor i Måndalen. Foto: Wikimedia Commons
Nytt

Rekordinntekt for Wenaasgruppen

Hotellinntektene auka for Wenaasgruppen i fjor.

21.06.2023

Wenaasgruppen er framleis ein stor hotell-eigedomsinvestor etter at salet av sine 10 hotell i Russland i vinter, og konsernrekneskapen fortel om hotell som har passert, eller er på veg mot 2019-nivået når det gjeld inntening. Samla var ikkje hotellbelegget i 2022 like høgt som før pandemien, men snittprisane per hotellrom har aldri vore høgare.

2019 er siste år før koronapandemien og smitteverntiltak mot den skapte vanskar for hotellbransjen.

Det oppdemde behover for reising skapte gode beleggstal og rekordhøge snittprisar, skriv selskapet i årsmeldinga for 2022.

Finansinntektene blei nesten halvert frå 2021 til 2022, til 548 millionar kroner. Konsernet hadde ei avkasting på aksjeinvesteringane sine på 3,2 prosent og på obligasjonsinvesteringane på 5,5 prosent. Den bokførte verdien av aksje- og obligasjonsinvesteringane er 3,5 milliardar kroner.

Rekordinntekt
Weenaaskonsernet har aldri hatt høgare driftsinntekter og betre driftsresultat før av- og nedskrivingar (ebitda) enn i fjor, ifølgje årsmeldinga. (sjå tabell)

Wenaasgruppen i Måndalen eig hotell både i Noreg, i resten av Skandinavia, i Mellom-Europa og - inntil i vinter - i Russland. Oppdal Skisenter er og ein del av konsernet.

Eigarskapet til Wenaaskonsernet er fordelt på fleire familiemedlemar, men senior Lars Wenaas sit på alle A-aksjane og har framleis styringa sjølv om aksjeposten berre er på 1,095 prosent.

Wenaasgruppen as (konsern)
Tal i mill. kroner20222021

Driftsinntekt

2754,71819,7
Driftsresultat897,1481,5
Resultat før skatt685,81197,5

Publisert: 21.06.2023 09:38

Sist oppdatert: 21.06.2023 09:51

Mer om