Rekordomsetning for Egersund Heroey
NOTBØTERI: Stadig større aktivitet for Vidar Knotten og Egersund Herøy. No vil ein byggje notlager, og ber kommunen utvida kaianlegget.
Nytt

Rekordomsetning for Egersund Herøy

Dei har verdas lengste bøterihall med tilknytning til kai, jaktar fleire tilsette, treng meir plass og ber kommunen utvide kaianlegget.

11.12.2019
- Vi håper og trur at kommunen vil byggje ei ny kai. Dette vil føre til meir aktivitet for oss, fleire tilsette og større verdiskaping for kommunen.
Det seier dagleg leiar Vidar Knotten i Egersund Herøy.
På Mjølstaneset har selskapet det som truleg er verdas største notbøteri med kaitilgang. Her er det ein produksjonshall på 122 x 22 meter, i tillegg til notlager på 20 meter.
Her får fiskebåtreiarar bøtt nøtene sine.

Treng meir plass

Men no vil selskapet byggje eit ekstra notlager på 22 x 30 meter, i tillegg til å utvide deler av hovedbygget med rundt seks meter i breidda.
- Vi har stadig større oppdragsmengde både frå norske og utenlandske kundar, og treng rett og slett meir plass.
Knotten viser til at når ein skal køyre inn snurpenøter i dag gjennom heile bygget, må ein flytte på det ein produserer.
- Dette vert altfor tungvindt.
- Vi håper at kommunen vil leggje til rette og byggje saman kaia som vi ligg på i dag med midtre kai, slik at vi kan byggje notlager, seier Knotten.

80 meter ny kai

Ved å fylle ut området mellom denne kaia og kaia lenger vest, får ein rundt 80 meter med ny kai.
- Ei slik satsing er det svært stort behov for. Båtane vert større og kaia som vi har i dag er på rundt 50 meter, som er altfor kort, seier Knotten.

Egersund Herøy vart etablert i 1999, og Knotten har leia selskapet sidan starten.
I fjor omsette selskapet for 58,2 millionar kroner, og sat att med 1,7 millionar før skatt.
- I år har vi hatt kraftig vekst, og passerer 70 millionar kroner i omsetning.

Nær 300 båtanløp årleg

Knotten seier at dei fleste snurparar og ringnotfartøy nord for Stad brukar Egersund Herøy, som ligg ideelt til midt i skipsleia.
Han opplyser at årleg har selskapet nærare 300 båtanløp, og det er ofte problem med kaiplass.
Knotten viser til at tidlegare leigde selskapet kai med kommunen, men no er det båtane som betalar hamneavgift.
Han likar derimot ikkje at det vert betalt hamneavgift sjølv for svært korte opphald.
- Dette håper vi det vert ein slutt på, slik at båtane i alle fall kan liggje ein time utan å måtte betale ekstra.

Fleire tilsette

Selskapet har 23 tilsette, men jaktar no tre-fire nye produksjonsarbeidarar.
- Vi har godt med søknader, mykje norske og ein del frå utlandet.
Selskapet er blant anna store på produksjon og reperasjon av flytetrålarar og snurpenøter, i tillegg til å ha eiga offshoreavdeling med leveranse av kjettingar, fibertau og fortøyingsutstyr.

Solide eigarar

Egersund Herøy er heileigd av Egersund Group, som i 2018 hadde ei omsetning på 3,6 milliardar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 177 millionar.
Egersund Group har fem bøteri i Danmark, fabrikkar både i Lithauen og Tyrkia som produserer oppdrettposar og eit notbøteri på Island.
I Norge har ein produksjon av notlin til snurpenøter i Manger, notbøteri i Meløy og Egersund, i tillegg til eit anlegg på Hvaler som produserer små reketrålar.
Egersund Group er også tungt inne i børsnoterte Aqua Group.
- Vi har solide eigarar som ønskjer å satse tungt i Herøy, og vi håper no at kommunen også vil stille opp, seier Knotten.
Vi har stadig større oppdragsmengde både frå norske og utenlandske kundar

Publisert: 11.12.2019 08:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47