Momentium ante lars terminalen foto ogne terminalen 11
FLEIRE SCENER: Momentium-duoen Lars Berg Giskeødegård (t.v.) og Ante Giskeødegård har allereie Terminalen i Ålesund. Snart opnar dei tilsvarande scener i Stavanger og Haugesund. Foto: Terminalen/Ogne Øyehaug
Nytt

Opnar konsertscener i fleire byar

Momentium er i ny vekst etter koronabremsen.

Marius Rosbach
28.04.2023

Samtidig som Momentium opplever stor interesse kring opninga av Løvenvold Theater, førebur dei opning av fleire konsertscener lengre sør på kysten.

– I august opnar vi i Stavanger og våren 2024 opnar vi byscene Haugesund, fortel Lars Berg Giskeødegård til NETT NO.

Begge plassar har dei gått saman med lokale krefter for å realisere nye tilbod, og framover vurderer dei å etablere konsertscener fleire stader i landet.

Nytt festivalsamarbeid i Bergen
I årevis har Momentium arrangert regionens største festivalar og konsertar. Samtidig er gründarane involvert i diverse «attåtverksemder» som konferansar, platestudio og bryggeri. Dei har óg investert i andre bransjar.

Dei siste åra med koronabrems har dei vore nøyd til å legge vekstplanane på hylla. I staden har dei kjempa med stadig nye smittevernrestriksjonar - og for å halde verksemda flytande.

Podium

E3/S1 Ante og Lars Giskeødegård - slik møtte Momentium pandemikrisa

No ser dei endeleg fram til ein normal festivalsommar, der dei Momentium óg har inngått nytt samarbeid med fleire aktørar om ein ny sommarfestival i Bergen.

IDC salen foto Marius 11
ØYGARDSHALLEN: Ute på hovudkvarteret til Momentium på Giske blir det mellom anna arrangert den årlege IDC-konferansen som samlar industridesignmiljøet frå heile landet. Foto: Marius Rosbach

Nettverk gir betre tilgang til artistar
Den andre delen av gründerduoen i Momentium, Ante Giskeødegård, fortel at motivet for å øke aktiviteten utanfor Sunnmøre, er å styrke kultursatsinga på heimebane.

– Det at vi er del av eit større nettverk, gjer at vi kan sikre oss store artistar og meir hyppig frekvens på arrangementa. Hovudmålet er å gjere Ålesund til ein betre by og det er lettare når vi samarbeider med andre, seier han.

Aktiviteten andre plassar kjem i tillegg til dei årlege arrangementa i Ålesund, som Jugendfest, Sommerfesten og Ålesund Live.

Løvenvold Are Kalvø Kathrine Synnes Finnskog Terje Sporsem Hilde Marie Kjersem show foto løvenvold
JULESHOW: Allereie er 9 av 15 framsyningar utselt til juleshowet med Terje Sporsem, Hilde-Marie Kjersem og Are Kalvø på Løvenvold Theater. Her er trioen saman med Kathrine Synnes finnskog (nr. 2. f.v.). Foto: Løvenvold Theater

Blei lokka frå Oslo til Ålesund
Nyetableringane med mindre konsert- og klubbscener er ein del av det Momentium omtalar som ei venue-satsing – der også Løvenvold i Ålesund inngår.

– Momentium har vekse til å bli ein av Norges største live -og eventarrangørar. Vi ønsker å bruke den kompetansen som er bygd opp av gjengen ute på Giske, til å gjere det same på klubbscener, fortel Kathrine Synnes Finnskog.

Løvenvold Theater montasje Kathrine synnes Finnskog foto Næringsforeningen Ålesundregionen 11
LØVENVOLD: Med Kathrine Synnes Finnskog ved roret skal Momentium skape nytt liv i dei tradisjonsrike gamle kinolokala i sentrum av Ålesund. Foto: Næringsforeningen Ålesundregionen

Fleire arbeidsplassar er ei viktig målsetting for heile Momentium-verksemda, og ho påpeikar at hennar eiga jobb nettopp er eit resultat av veksten.

Den tidlegare eksportsjefen for norsk musikkbransje blei sjølv lokka til å flytta heim frå Oslo. I dag jobbar ho med forretningsutvikling i konsernet, samtidig som ho er sjef for Løvenvold Theater.

Vurderer fleire konsertscener
Framover vurderer Momentium å etablere konsertscener fleire plassar, men Finnskog påpeiker at både lokale, partnarar og marknad må vere rett før dei tek nye steg.

– Selskapet har lært mykje av det dei har gjort her heime. Den erfaringa kan også nyttast andre plassar, også er det alltid viktig å ha lokale samarbeidspartnarar, seier ho.

I Rogaland-byane har dei inngått i samarbeid med lokale krefter, der Momentium er hovudeigar i selskapa med ein eigardel på 40 prosent.

Publisert: 28.04.2023 11:11

Sist oppdatert: 28.04.2023 14:55

Mer om