Stryn camping innfelt line bø håheim foto stryn camping privat 11
FAMILIEGARD: Sidan 1964 har det vore dreve campingplass på staden der Stryn Camping held til i sentrum, fortel innehavar Line Bø Håheim (innfelt). Foto: Stryn Camping
Nytt

Norske gjestar ga meir «liv og røre» i sentrum

Rekordsesong for camping i Stryn i fjor, og gjestar som vil ha plass i juli må skunde seg.

Marius Rosbach
01.06.2021

2020-rekneskapet til Stryn Camping viser at fjoråret blei eit rekordbra år for campingplassen i Stryn sentrum.

Både omsetning og overskot er høgare enn tidlegare år (sjå tabell under). Driftsresultatet på drygt 600.000 kroner, gir ein solid driftsmargin på meir enn 15 prosent.

– Vi hadde meir folk i juni og august enn vi brukar å ha, fortel Line Bø Håheim til NETT NO.

Stryn Camping AS
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 3,9 3,5
Driftsresultat 0,6 0,2
Res. før skatt 0,5 0,2

Håheim driv overnattingsstaden saman med mannen Frank Håheim, og fortel at dei gjerne nyttar overskotet i bedrifta til å heve standarden, til dømes som å pusse opp bad og liknande.

Snart fullbooka i juli
Campingplassen er ope heile året og tek i mot gjestar som vil overnatte både i hytte, leilegheit, bubil eller telt.

Håheim fortel at det også er ein trend at folk reiser meir, utanom høgsesongen om sommaren, som er med å auke besøket.

Dei fleste gjestane i fjor var nordmenn, og slik blir det også i år. Mange har allereie booka seg inn.

– I juli er det nesten fullt allereie, seier ho.

– Meir liv og rør i Stryn sentrum
Innehavaren fortel at det ikkje er så stor skilnad for deira del med norske gjestar, samanlikna med utlendingar. Men ho er ikkje i tvil om at det gir ringverknader for den populære turistdestinasjonen.

– Vi merkar at nordmenn gjerne handlar meir og går ut for å ete middag og ta eit glas vin. Slik sett blir det meir liv og røre i Stryn sentrum. Utlendingane går gjerne meir i naturen og er litt meir sparsommelege, legg ho til.

Campingplassen har vore i drift ved den tilhøyrande garden sidan 1964. I 2006/07 blei drifta lagt inn i eit as. Bedrifta sysselsette 1,7 årsverk i fjor.

Publisert: 01.06.2021 11:32

Sist oppdatert: 01.06.2021 11:32