På eitt år har mengda ledige kontorareal i Ålesund skote til vêrs. Ved utløpet av 2024 var det 60.000 kvadratmeter ledig kontorareal i Ålesund.
Det er ei auke på heile 50 prosent frå 40.000 kvadratmeter året før, ifølgje tal frå Eiendomsmegler 1 - og inkluderer prosjekterte bygg og dei under oppføring.
Tala får meklar Odd-Arild Støbakk Sæther i Eiendomsmegler 1 til å stille spørsmålet ved om det skjer for mykje i denne delen av marknaden for augneblinken.
– Det er veldig mykje som skjer, og det er i utgangspunktet bra, seier han.
Likevel peiker han på at det parallelt med eit kraftig hopp i igangsettingsløyver i fjor, gjerast store grep på samferdsel og byutvikling i Ålesund.
– Eg har ikkje svaret, men lurar på om det kanskje blir gjort ting før ein tenker, legg Sæther til.

Høge kostnader og usikre tider
Eit rekordhøgt tilbod av areal skjerpar også konkurransen.
Høge kostnader og usikre tider gjer samtidig at fleire eigedomsutviklarar sett seg på gjerdet før dei tek ei avgjerd om å starte bygging.
– Dei som er kome i gong vil ha ein fordel ved at bygga faktisk kjem opp. Dei som framleis ventar på å få fylt opp til eksempel 50 prosent av arealet før dei vil sette i gong, kan misse interessentar undervegs, seier Sæther.
Samtidig har dei fleste råd til å vente, påpeiker han.

Ulsmo med moderne miljøbygg
På Holsletta ved innkøyringa til E136 ved Brevika I Ålesund, er Ulsmo i full gong med å bygge eit av de første kontorbygga i landet som blir Svanemerka.
Bygget på kring 6000 kvadratmeter fordelt over fire etasjar og ein stor takterrasse, skal stå ferdig i løpet av året.
– Dei tok ein liten sjanse ved å sette i gang med halvfullt bygg, men dei vil tene på at bygget kjem opp, legg han til.
Ingerid Ulstein i Ulsmo opplyser til Nett No at kring 50 prosent Holsletta-bygget er leigd ut i dag, og at dei har fleire leigetakarar som dei vil offentleggjere snart.

Fleksibilitet og sentral plassering trekk opp
Meklar Odd-Arild Støbakk Sæther er ikkje i tvil om at utleigarane som kan tilby dei mest moderne lokala har ein fordel.
Fleksible areal som ligg i miljø med sokalla synergiar og i nærleiken til knutepunkt og servicetilbod, er også med å trekke opp.
Tilsvarande negativt er slitne bygg som er lite energieffektive og gjerne ligg utan tilgang til service- og kollektivtilbod.
Meiner leigeprisane bør opp
Meklar meiner det er uheldig at det kjem «toppar» med tilbod i marknaden.
Han meiner ei utvikling med auke i leigeprisane vil vere bra og at den bør opp frå dagens toppnivå på kring 3000 kroner for kvadratmeteren i året.
– Eg håpar at ein kjem dit at marknaden er villig til å betale det som skal til for å forsvare kostnadene ved å utvikle nye bygg. Då vil folk velje nytt framfor gamalt. Det har ikkje minst med berekraftig og energi å gjere, som gir store fordelar med å ha nye lokale, seier Sæther.
Publisert: 22.03.2025 05:00
Sist oppdatert: 21.03.2025 19:06






