Far og datter Tore og Maud Haldorsen i Hotell Geiranger har lagt nok ein opptursesong bak seg.
I juli var belegget 100 prosent, altså smekk fullt. Både i juni og august låg det på 93-94 prosent.
Denne sesongen har hotellet for første gang passert 31.000 gjestar. For fire-fem år sidan låg nivået på 25.000. Ikkje berre er det fleire som kjem, dei som bur på hotellet legg og att meir pengar.
Tore og Maud Haldorsen si historie er typisk for turistbransjen i år. Det er rekordtider, og 2016 –sesongen toppar ei langvarig positiv utvikling, seier dagleg leiar Geir Steinar Vik i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.
Alt blei tyngre og større enn primus motor Richard Grov, investor og hotelldirektør på Hotel Alexandra, først hadde sett føre seg. No ser han fram mot at suksess til våren skal gi belønning for innsatsen.
- Den følelsen er overveldande, og den har eg hatt mange gongar, sa Grov til NETT NO i vår.
- Det har vore ei veldig stor interesse for det norske reiselivsproduktet og det har auka og auka, seier Geir Steinar Vik i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.
I juni 2016 auka talet på turistar på hotella i Ålesund med over 25 prosent samanlikna med juni 2015.
- Både Ålesund og Geiranger har hatt ein spesielt god sommar, seier han.
I Nordfjord har hotellovernattingar auka med tre prosent og campingplassovernattingar med 7,1 prosent. Hotella har hatt auke kvart år sidan 2010, og campingplassane har hatt auke frå 2014.
- Det er mange av medlemane våre som melder at dette er beste sesongen ever. Det er kjekke dagar å arbeide i, seier marknadssjef Beate Vik Hauge i Visit Nordfjord.
Profiterer turistnæringa på at oljeprisen har falle?
Vik tenkjer seg om før han formulerer svaret.
Han vil ikkje framstå som ein som gnir seg i hendene over andres ulykke.
Men faktum er at oljeprisfallet forsterka kursfallet for den norske krona, men den konsekvens at ferie i Noreg er blitt billegare for utlendingane.
- Det var i alle fall ein fordel for turistdelen av reiselivsnæringa, seier Vik om valutakursfallet.
Haldorsen i Geiranger er samd.
Han har tre forklaringar på kvifor trafikken har gått opp:
* Valutaeffekten
* Aukande middelklasse i Asia
* Skandinavia blir oppfatta som eit trygt reisemål.
Vik tek fram eit fjerde poeng; større konkurranse i lufta, billegare flybillettar og fleire direkteruter. Nordvestlandet har blitt lettare tilgjengeleg.
Analytikar Gaute Langeland i Nordea Markets advarte mot at valutafesten var over i foredraget han heldt på årets Klyngekonferanse i Ålesund 30. september. Bedriftene som har profitert på svak krone bør bu seg på ei negativ kursutvikling framover, og Langeland meiner koblinga mellom oljepris og valutakurs er i ferd med å bli borte. Det betyr at den norske krona kan styrke seg sjølv om oljeprisen ikkje stig.
Ei sterkare krone gjer det dyrare for utanlandske turistar i Noreg, og tilsvarande billegare for nordmenn å ta ferien i utlandet.
Vil i så fall alt gå tapt for turistbransjen?
Nei, meiner Haldorsen:
- Eg trur vi er komne opp på eit nytt nivå, seier han.
Det trur og Geir Steinar Vik. Alle dei ekstra turistane vil dra heim og bidra til å gjere Noreg enda meir kjent. Det er snøballeffekten som gjer at turistbransjen vil motstå ei negativ valutakursutvikling.
- Dette er ikkje eit blaff, men kjem på toppen av ein langsiktig jamn vekst, seier Vik.
Transportøkonomisk institutt konkluderte med at turismen gav grunnlag for 3 000 arbeidsplassar, og driftsinntekter på 1,8 milliardar kroner.
I dag er tala truleg større, men Vik meiner det er grunnlag for meir vekst.
Stryn/Loen, Geiranger og Ålesund er dei tre tyngdepunkta i turismen på Nordvestlandet.
I Destinasjon Ålesund og Sunnmøre er spesielt søre Sunnmøre underutvikla som turistmål, og potensialet som ligg i at du kan køyre ferjefritt mellom Stryn og Runde er ikkje nok utnytta, meiner han.
I Nordfjord er det ytre Nordfjord som er i bakleksa, med surfeturismen på Stadlandet som eit lysande unntak.
I Hoddevika på Stadlandet er der i dag tre firma som driv med utleige av surfeutstyr, surfeopplæring og overnatting. I tillegg har surfarane gitt grunnlag for ein campingplass.
Slik bør det bli meir av, meiner Vik.
- Vi må sørge for at heile regionen får ta del i veksten vidare, seier han.
I juli var belegget 100 prosent, altså smekk fullt. Både i juni og august låg det på 93-94 prosent.
Denne sesongen har hotellet for første gang passert 31.000 gjestar. For fire-fem år sidan låg nivået på 25.000. Ikkje berre er det fleire som kjem, dei som bur på hotellet legg og att meir pengar.
Tore og Maud Haldorsen si historie er typisk for turistbransjen i år. Det er rekordtider, og 2016 –sesongen toppar ei langvarig positiv utvikling, seier dagleg leiar Geir Steinar Vik i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.
Investerer 260 millionar
Oppturen skaper optimisme, og optimisme utløyser investeringar. Det mest tydelege dømet på det er bygginga av gondolbane til fjellet Hoven i Loen. Prislappen har passert 260 millionar kroner og anlegget opnar til våren.Alt blei tyngre og større enn primus motor Richard Grov, investor og hotelldirektør på Hotel Alexandra, først hadde sett føre seg. No ser han fram mot at suksess til våren skal gi belønning for innsatsen.
- Den følelsen er overveldande, og den har eg hatt mange gongar, sa Grov til NETT NO i vår.
- Det har vore ei veldig stor interesse for det norske reiselivsproduktet og det har auka og auka, seier Geir Steinar Vik i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.
I juni 2016 auka talet på turistar på hotella i Ålesund med over 25 prosent samanlikna med juni 2015.
- Både Ålesund og Geiranger har hatt ein spesielt god sommar, seier han.
I Nordfjord har hotellovernattingar auka med tre prosent og campingplassovernattingar med 7,1 prosent. Hotella har hatt auke kvart år sidan 2010, og campingplassane har hatt auke frå 2014.
- Det er mange av medlemane våre som melder at dette er beste sesongen ever. Det er kjekke dagar å arbeide i, seier marknadssjef Beate Vik Hauge i Visit Nordfjord.
Løfta av valutakursen
Kva har skjedd?Profiterer turistnæringa på at oljeprisen har falle?
Vik tenkjer seg om før han formulerer svaret.
Han vil ikkje framstå som ein som gnir seg i hendene over andres ulykke.
Men faktum er at oljeprisfallet forsterka kursfallet for den norske krona, men den konsekvens at ferie i Noreg er blitt billegare for utlendingane.
- Det var i alle fall ein fordel for turistdelen av reiselivsnæringa, seier Vik om valutakursfallet.
Haldorsen i Geiranger er samd.
Han har tre forklaringar på kvifor trafikken har gått opp:
* Valutaeffekten
* Aukande middelklasse i Asia
* Skandinavia blir oppfatta som eit trygt reisemål.
Vik tek fram eit fjerde poeng; større konkurranse i lufta, billegare flybillettar og fleire direkteruter. Nordvestlandet har blitt lettare tilgjengeleg.
Eit varig skifte
I haust har krona blitt sterkare mot euro og dollar igjen, og spesielt mot britiske pund, etter at at britane røysta ja til å melde seg ut av EU.Analytikar Gaute Langeland i Nordea Markets advarte mot at valutafesten var over i foredraget han heldt på årets Klyngekonferanse i Ålesund 30. september. Bedriftene som har profitert på svak krone bør bu seg på ei negativ kursutvikling framover, og Langeland meiner koblinga mellom oljepris og valutakurs er i ferd med å bli borte. Det betyr at den norske krona kan styrke seg sjølv om oljeprisen ikkje stig.
Ei sterkare krone gjer det dyrare for utanlandske turistar i Noreg, og tilsvarande billegare for nordmenn å ta ferien i utlandet.
Vil i så fall alt gå tapt for turistbransjen?
Nei, meiner Haldorsen:
- Eg trur vi er komne opp på eit nytt nivå, seier han.
Det trur og Geir Steinar Vik. Alle dei ekstra turistane vil dra heim og bidra til å gjere Noreg enda meir kjent. Det er snøballeffekten som gjer at turistbransjen vil motstå ei negativ valutakursutvikling.
- Dette er ikkje eit blaff, men kjem på toppen av ein langsiktig jamn vekst, seier Vik.
3 000 arbeidsplassar
Vik har ikkje ferskare tal enn frå 2011 for å vise storleiken på turismen på Nordvestlandet, men dei gir i alle fall ein peikepinn. Det var Transportøkonomisk institutt som sto for analysen, og oppdraget var å sjå på ringverknaden i Møre og Romsdal.Transportøkonomisk institutt konkluderte med at turismen gav grunnlag for 3 000 arbeidsplassar, og driftsinntekter på 1,8 milliardar kroner.
I dag er tala truleg større, men Vik meiner det er grunnlag for meir vekst.
Stryn/Loen, Geiranger og Ålesund er dei tre tyngdepunkta i turismen på Nordvestlandet.
I Destinasjon Ålesund og Sunnmøre er spesielt søre Sunnmøre underutvikla som turistmål, og potensialet som ligg i at du kan køyre ferjefritt mellom Stryn og Runde er ikkje nok utnytta, meiner han.
I Nordfjord er det ytre Nordfjord som er i bakleksa, med surfeturismen på Stadlandet som eit lysande unntak.
I Hoddevika på Stadlandet er der i dag tre firma som driv med utleige av surfeutstyr, surfeopplæring og overnatting. I tillegg har surfarane gitt grunnlag for ein campingplass.
Slik bør det bli meir av, meiner Vik.
- Vi må sørge for at heile regionen får ta del i veksten vidare, seier han.
Det er mange av medlemane våre som melder at dette er beste sesongen ever
Publisert: 26.12.2016 05:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04