Norsk sjømat stranda laks
MEIR PLASS: Norsk Sjømat sitt fiskeforedlingsanlegg på Stranda blir større mellom anna for å kunne automatiserer produksjonen meir. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Rekordår for Norsk Sjømat-konsernet

Utvidar og investerer nesten 200 millionar kroner på Stranda.

13.05.2022

På industriområdet Svemorka er Norsk Sjømat og Nergård Holding-konsernet i ferd med å utvide med 9500 ekstra kvadratmeter produksjon- og fryselagerlokale.

Investeringa på nesten 200 millionar kroner blir gjort for å kunne automatisere fiskeforedlingsverksemda ytterlegare, seier konsernsjef Per Magne Grøndahl til NETT NO.

Torsdag skreiv NETT NO om Grøndahl sin frustrasjon over Norsk Sjømat sitt årelange, men hittil mislukka forsøk på å få etablert oppdrettsanlegg i Storfjorden og eit landbasert anlegg i Stordalen. Trass frustrasjonen har han også mykje å glede seg over.

I fjor hadde konsernet sitt beste år nokon gang (sjå tabell) og ligg så langt an til at i år blir minst like bra som i fjor, fortel Grøndahl til NETT NO.

Børsplan i vasken
Norsk Sjømat og Nergård Holding-konsernet, med Per Magne Grøndahl og Bjarte Tunold som storaksjonærar omfattar vidareforedlingsanlegg på Stranda, majoritetseigarskap i fiskeri- og fiskeforedlingskonsernet Nergård, 40 prosent eigarskap i Global Fish - som driv pelagisk industri (foredling av pelagiske fiskelslag som sild og makrell), og dei har datterselskap som videreforedlar restråstoff frå fiskeindustri.

I 2020 prøvde Grøndahl og Tunold å ta konsernet på børs, mellom anna for å kjøpe ut medeigarane i Nergård-konsernet.

Børsnoteringar vart avlyst etter at interessa frå investorane for å vere med, ikkje var så stor som dei hadde vona på.

Norsk Sjømat og Nergård Holding as (konsern)
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt56674432
Driftsresultat622375
Resultat før skatt652314

Publisert: 13.05.2022 05:00

Sist oppdatert: 13.05.2022 07:21

Mer om