Meiner Norsk Sjømat blir trenert
Ein frustrert Norsk Sjømat-sjef Per Magne Grøndahl ber om møte med fiskeriministeren.
Grøndahl er kraftig frustrert over det han opplever som fleire år med trenering av sjømatkonsernet Norsk Sjømat sine planar i Storfjorden, som både omfattar oppdrettsanlegg i fjorden og eit landbasert oppdrett- og sjømatindustrianlegg i Stordal.
No ber han i ein epost om eit møte med fiskeriminister Bjørnar Skjæran, etter å ha hatt eit kort møte med Skjæran på sjømatmessa i Barcelona tidlegare i år:
"Saken gjaldt ett tilsagn om visningskonsesjon i Stordal Kommune (nå Fjord Kommune) som ble gitt til Norsk Sjømat Oppdrett AS(ett datterselskap av Norsk Sjømat gruppen) som har etter vår mening blitt trenert og sabotert i lang tid av ulike instanser i fylke og stat med ulike begrunnelser.
Som avtalt under besøket henvender jeg meg for å be om ett møte med deg og departementet for å presentere vår oppfatning av behandlingen, oppsummere status i saken og finne løsninger på mulige utfall."
Ja frå Nesvik
Opphavleg ønskte Norsk Sjømat seg ein såkalla utviklingskonsesjon, men fekk avslag. Utviklingskonsensjonar vart oppretta for å bidra til å utvikle ny teknologi og metodar for oppdrett, der konsesjonane var billege, men med vilkår at dei som fekk dei måtte investere i ny teknologi, anlegg og metodar.
Neste forsøk for var å søkje om visningskonsesjon. Det er ein konsesjon for å drive eit oppdrettsanlegg som er bygd for å vise fram drifta for publikum. Også slike konsesjonar er ettertrakta, men gir ikkje rett til å produsere like store volum som ein utviklingskonsesjon.
Det var Fiskeridepartementet, med Harald Tom Nesvik (Frp) som statsråd, som gav Norsk Sjømat visningskonsesjonen i 2019.
Men Norsk Sjømat har ikke fått ein plass å ha anlegget, og i fjor trekte Fiskeridepartementet visningskonsesjonene attende, eit vedtak Norsk Sjømat har anka. Der står saka i dag.
Kostnadshopp
Då planane knytta til visningskonsesjonen vart lagt såg Norsk Sjømat for seg investeringar på 200-250 millionar kroner.
I ettertid har kostnadane auka og i dag anslår Grøndahl at dei no er oppe i over ein halv milliard kroner.
Publisert: 12.05.2022 10:47
Sist oppdatert: 12.05.2022 11:01