Rekordår for simulatorselskap
Simulatorselskapet OSC er blitt dobbelt så stort som under offshorekrisa.
Etter at oljeprisen stupte i 2014 og sette ein brutal stoppar for boomen for offshorereiarlaga fall driftsinntektene til Offshore Simulator Centre med over 40 prosent, til 26 millionar kroner i 2016.
Reiarlaga sende skip i opplag, og etterspørselen etter opplæring og trening i simulatorane til Offshore Simulator Centre i Ålesund krympa kraftig.
Nye marknadar
Konsekvensen ble mellom anna at Offshore Simulator Centre, som no er døypt om til OSC, snudde seg til nye marknadar.
I fjor var driftsinntekta til OSC så godt som dobbelt så høg som i 2016, og er også den høgaste selskapet har hatt.
I tillegg kjem inntektene til datterselskapa Augment City og OSC Simulatorutleie Ålesund. Augment City er selskapet for simulering av byar, som mellom anna kan brukast i byplanlegging. OSC Simulatorutleie Ålesund eig utstyr som OSC brukar.
OSC har ikkje eit offisielt konsernreknskap og drifta av mor- og datterselskap er delvis innvevd i kvarandre. Ein del av inntektene til datterselskapa kjem frå eksterne kundar, slik at driftsinntektene til OSC-konsernet er større driftsinntektene til morselskapet.
Skal hente pengar
OSC skal hente 100 millionar kroner i ny eigenkapital for å finansiere vidare vekst, sa OSC-sjef Joel Mills under ein presentasjon på eit investorarrangement i Ålesund i mars i år.
Emisjonsprosessen er i gang.
Innan fire år kan selskapet ha dobbelt så mange tilsette som i dag, sa Mills til NETT NO. Skjer det vil arbeidsstokken utgjere rundt 90 personar.
Rask vekt
Mills understreka at kapitalutviding ikkje skjer fordi selskapet treng pengar, men fordi det ønskjer kapital til å finansiere ein raskare vekst enn det ellers kan få.
- Vi ser eit fantastisk høve til å vekse i stor fart, sa han i samband med presentasjonen.
Offshore Simulator Centre har fire eigarar; NTNU, Team OSC (tilsette) Solstad Ålesund, Sintef og Kongsberg.
OSC as | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 51,3 | 44,9 |
Driftsresultat | 1,3 | 1,2 |
Resultat før skatt | 3,7 | 0,9 |
OSC Simulatorutleie Ålesund as | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 8,4 | 5,6 |
Driftsresultat | 1,9 | -0,3 |
Resultat før skatt | 1,5 | -0,7 |
Augmentcity as | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 51,3 | 44,9 |
Driftsresultat | 1,3 | 1,2 |
Resultat før skatt | 3,7 | 0,9 |
Publisert: 13.05.2022 14:45
Sist oppdatert: 13.05.2022 14:30