Portrett Inger Synnøve Remme 1 foto Ålesund Kommune
PERMISJON: Inger Synnøve Remme går ut i permisjon frå stillinga som næringssjef i Ålesund og blir truleg ikkje erstatta i permisjonstida. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Remme: Ålesund har kome langt

Avtroppande næringssjef meiner Ålesund har kome langt i å betre tilbodet og samarbeidet med næringslivet.

27.04.2021

- Sjølv om mykje av tida mi har vore prega av pandemien så føler eg kommunen har fått veldig god dialog og samarbeid med næringslivet, seier Inger Synnøve Remme.

1. august går ho ut i eitt års permisjon frå jobben som næringssjef i Ålesund kommune, ein jobb ho tok til i 1. januar 2020, då Ålesund, Sandøy, Haram, Skodje og Ørskog blei til ein kommune.

Om ho kjem tilbake, eller blir verande i den nye jobben som rådgivar i Ungt Entreprenørskap når permisjonstida går ut, vil tida vise.

Rusta for å halde fram
Om stillinga som næringssjef skal erstattast i permisjonstida overlet Remme til kommuneleinga å kommentere. Men Remme meiner uansett kommunen no er rusta for å halde fram arbeidet som er i gang, takke vere arbeidet som er gjort og organisasjonen som er bygt opp i løpet av 2020 og 2021.

Kommunen har no fire kontaktar som arbeider med å hjelpe fram nye bedrifter, stillingar som ikkje var der før samanslåinga.

I mai skal kommunstyret behandle den nye næringsstrategien til Ålesund der hovudmåla er at Ålesundsregionen skal vere attraktiv for eksisterande og nye næringar, vere ein verdskjent, attraktiv og berekraftig reiselivsdestinasjon og der kommunen skal vere ein tydeleg og strategisk samarbeidspartnar og tilretteleggar for næringslivet, utdanningsinstitusjoner og frivillige organisasjonar.

Les framlegget til næringsstrategi for Ålesund her

Tatt vare på
Ålesund kommune har samarbeidd tett med fire aktørar under utviklinga av næringsstrategien, den såkalla Næringsalliansen; Haram Nærings- og innovasjonsforum, Næringsforeningen Ålesundregionen, Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og ÅKP.

Remme trur Næringsalliansen vil bidra til å sikre at arbeidet med næringsstrategien blir tatt vare på.

Publisert: 27.04.2021 15:37

Sist oppdatert: 29.04.2021 15:10