Under den tradisjonelle juleavslutninga til Fosnavåg Shippingklubb måndag kveld vart årets æresmedlem, Stig Remøy, heidra, ifølgje ei melding frå klubben.
President i shippingklubben, Helge T. Remøy, delte ut heidersutmerkinga og fortale forsamlinga om grunngjevinga for heideren.
Han understreka at Stig Remøy har sett sitt preg på både næringslivet og samfunnet i Herøy gjennom sitt arbeid.
– Eitt av måla til Fosnavåg Shippingklubb er å fremje Fosnavåg som ein leiande maritim by. Denne personen sitt arbeid og innsats har vore avgjerande for å styrke denne posisjonen, sa Helge. T Remøy under talen innleiingsvis.
Drog til sjøs som 15-åring
Stig Remøy starta karriera sjøs allereie som 15-åring og la tidleg grunnlaget for ei livsgjerning som har vore prega av innsats, visjon og handlekraft, heite det vidare i grunngjevinga.
Remøy kjøpte han sin første fiskebåt som 19-åring og fekk ansvar som skipper allereie som 21-åring.
Det la grunnlaget for det som i dag er Olympic-reiarlaget.
Innsats for lokalsamfunnet
I talen blei det også påpeika korleis reiaren har brukt ressursane sine til å støtte lokalsamfunnet.
Remøy har vore ein pådrivar for Thon Hotel Fosnavåg, og bidragsytar til Fosnavåg Konserthus, Sunnmørsbadet og Olympic Kulturfond
Stig Remøy takka for prisen og nytta høvet til å oppmode næringslivet i Herøy til å samarbeide og stå saman om tiltak som fremjar bulyst og utvikling av lokalsamfunnet.
Publisert: 26.11.2024 09:28
Sist oppdatert: 26.11.2024 09:28