Seaonics
VEKS: Frå venstre salssjef Ståle Fure, marknadssjef Nina Reinseth og adm. dir. Håkon Fauske. Foto: Seaonics
Nytt

Rett opp for Seaonics

Auka inntektene med 50 prosent og ser lyst på framtida.

21.04.2023

Ålesund-selskapet veks fort. I 2019 var omsetninga 202 millionar kroner, i 2021 nådde ein 311 millionar, og i fjor bikka ein 481 millionar kroner.

Resultatet før skatt vart også solid i fjor, med 29,4 millionar kroner for det Vard-eigde selskapet.

(saka held fram etter tabellen)

Seaonics
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 481,3 311,1
Driftsresultat 23,5 13,9
Resultat før skatt 29,4 16,1

Norge og Polen
- Denne veksten hadde ikkje vore muleg utan dei gode teama våre i Norge og Polen, seier Seanoics-direktør Håkon Fauske i ei pressemelding.

Seaonics leverer blant anna gangbruer frå båtar til offshoreinstallasjonar, og Fauske opplyser at veksten i hovudsak skuldast satsinga på fartøy med autonomous og remote operasjonar, offshore energi og på ettermarknad.

Han viser til at 2022 også var eit år med innovasjon og nye kontraktar. Blant anna signerte selskapet kontrakt på ny 3D kran og gangveg, til den veksende SOV-marknaden. Tidlegare i år vann selskapet også prisen Innovation of the Year Award for Seanoics Electric Controlled Motion Compensated (ECMC) Crane ved Offshore Support Journal Conference and Exhibition Awards i London.

God ordreinngang
Styret skriv i årsrapporten at Ukraina-krigen og russiske sanksjonar har ført til at ein har mist russiske prosjekt, men at det er god ordreinngang i 2023, spesielt med auka fokus mot offshore vind.

Selskapet har 70 tilsette.

Den samla eigenkapitalen er på 93,7 millionar kroner, og den langsiktige gjelda på null.

Publisert: 21.04.2023 09:21

Sist oppdatert: 21.04.2023 09:22

Mer om