Richard Grov Kontantstoetten er konkurransevridande
NØGD OG MISNØGD: Hoteldirektør Richard Grov (innfelt) ved Hotel Alexandra er nøgd med hjelpa dei får, men meiner kompensasjonsordninga ikkje treff så godt som den burde. 
Nytt

Richard Grov: – Kontantstøtten er konkurransevridande

At verksemder som har delt eigedom og drift blir belønna i utrekninga av krisehjelp, er berre ei av justeringane Hotel Alexandra-direktøren ber styresmaktene sjå på.

Marius Rosbach
05.05.2020
Den nye kompensasjonsordninga for bedrifter som er ramma av koronakrisa, skapar både glede og frustrasjon i næringslivet.
Gjennom ei kontantstøtte etter ein automatisk søknadsbehandling kan bedrifter få pengar raskt på konto. Støtta går til å dekke faste kostnader, og eitt av kriteria er at det skal vere ein viss nedgang i omsetninga.
Alexandra Hotel i Loen er den bedrifta som per 5. mai har fått 3. mest støtte i Vestland fylke – om lag 950.000 kroner.

Les også:


Hotelldirektør Richard Grov er takksam for støtte til Stryn-hotellet, som i lag med Hotel Loenfjord, har vore .
– Alt over null er ei hjelp. Vi er nøgd med at ordninga kom raskt på plass og det verkar som eit effektivt system, seier Grov til NETT NO.
Men han har fleire ankepunkt.
– Den treff ikkje slik det var forutsett, seier Grov. Han viser til at det så langt er utbetalt kring 700 millionar (740 mill. per tysdag, ifølgje finansdepartementet, journ. anm.) i støtte for mars. Samtidig er det frå regjeringa si side antyda ei forventa utbetaling på kring ti milliardar i alt.
– Då er vi på ei utbetaling på kring sju prosent samanlikna med det som vart nemnt innleiingsvis. Det fortel meg at den ikkje treff slik det var tenkt, seier Grov.

– Konkurransevridande

Hotelldirektøren meiner også ordninga gir fordelar til dei som har valt å lage eit skilje mellom hotelldrifta og eigedomane.
– Dei som har gjort det, får støtte til husleige som dei betalar til seg sjølv. Ved Alexandra har vi alt samla i eit selskap, og då får vi ikkje dekning som er synonymt med leigeinntekter, seier Grov.
Finansiering av eit bygg eller eigedom med til dømes banklån, vil stort sett vere billigare for hotellselskapet - og bra for denne verksemda isolert sett. Men slik ordninga er utforma, gir det mindre krisestøtte.
– Det er konkurransevridande og her bør det kanskje kome justeringar som treffer meir likt i marknaden, seier stryningen.

Omsetninga ned frå 11 til 3 millionar

Ordninga gjer at til dømes får dekka leigeinntekter frå hotellselskapa, til eigedomsselskapet Brødrene Jangaard. Hotel Union Geiranger er også organisert på tilsvarande vis, og får om lag like mykje støtte som Alexandra - med langt lågare omsetnad.
Grov påpeiker at det ikkje er opp til han å meine korleis offentlege midlar skal nyttast.
– Det er opp til politikarane. Eg representerer bedrifta og dei tilsette. Det mest vesentlege for meg, er at vi skal ha kraft til å konkurrere og investere i framtida. Men den interessa bør også politikarane ha, legg han til.

Les også:


Samanlikna med i fjor er omsetninga til Alexandra-hotellet gått ned frå 11 til om lag 3 millionar, ifølge Grov. Men han påpeiker at det på langt nær berre er deira tap.
– Nedgangen i omsetning er tapte momsinntekter og andre avgifter for staten, og lønn for dei tilsette. Sånn sett er vi alle i same båt og alle har tapt, seier Grov.

Får dekka 40 prosent av kostnadene

Tysdag sendte hotelldirektøren ut eit ope brev der han gjer reie for situasjonen. Her påpeiker han at berre kring 40 prosent av dei faste kostnadene til Hotel Alexandra og dotterselskapa blir dekka.
I fleire punkt ber han om konkrete tiltak. På kort sikt meiner han bedriftene saman med styresmaktene må bli samde om felles tiltak for å driv ei tråd med smittevernreglane.
Grov ber også om at kompensasjonsordninga skal vare over lengre tid og han vil ha forsikringar om at avgrensa drift ikkje svekker evna til å få krisehjelp. Bakgrunnen er at det reint økonomisk kan vere billigare å halde heilt stengt – enn å halde ope for «halv maskin».

Les også:


Grov:


Bra interesse – men har ingen opningsdato

Hotelldirektøren kan ikkje no gi noko dato for når reiselivsbedriftene deira i Loen vil opna att. Men interesse for å kome på besøk i sommar, er absolutt til stades.
– Det er stor interesse for å booke seg inn i sommar og delar av marknaden vil fungere bra. Men størstedelen av kurs og konferanse, bedriftsbesøk og gjestar frå utlandet, er vekke. At det norske besøket skal veie opp for det, er å tru på julenissen, seier han.
Grov trur Loen Skylift er først til å opne av deira verksemder.
– Der har vi også ein stor marknad lokalt og vi kan få litt erfaring med å drive etter smittevernstiltaka. Det betyr mykje for oss og fleire rundt oss om vi kan opne. Det vil med ein gong gi entusiasme og draghjelp i lokalmiljøet, seier han.

Les også:




Fjordbuda Nordvest:


Nedgangen i omsetning er tapte momsinntekter og andre avgifter for staten og lønn for dei tilsette. Sånn sett er vi alle i same båt og alle har tapt

Publisert: 05.05.2020 14:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56