Ringdal jaktar fleire boender
BETRE LØNSEMD: Nye investeringar skal auke lønsemda hos Ole Ringdal.
Nytt

Ringdal jaktar fleire bønder

Slakteriet på Hellesylt skal bli større. Les kor mykje Ole Arnstein Ringdal vil investere.

24.09.2014
Midt i den travlaste saueslaktinga er rundt 90 personar, 60 faste og 30 sesongarbeidarar, sysselsette hos Ole Ringdal as. Ferske lammelår blir sendt ut til butikkane dagleg, og det som skal bli pinnekjøt og fenalår blir salta og tørka.
Slakteri- og kjøttforedlingsbedrifta har vore på marknaden i 75 år, og dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal vil gjerne halde fram i bransjen i mange år enno. Men då bør lønsemda helst vere dobbelt så god som i dag (sjå tabell).

20-30 millionar kroner

Neste år vonar han å kome i gang med ei investering på mellom 20 og 30 millionar kroner, alt finansiert med eigenkapital.
Slakteriet og fabrikken skal både utvidast og ombyggast. Ei ny produksjonshall og auka frysekapasitet skal på plass. Investeringa er heilt naudsynt for å få betre flyt i produksjonen, og dermed auke lønsemda, i følgje Ringdal.

Sterk heime

Ringdal sin heimemarknad er Møre og Romsdal og Nordfjordområdet. Her har han eit så kjent merkenamn at han får innpass hos alle butikkjedene.
På landsbasis er det tøffare. Makta i butikkeleddet er blitt meir sentralisert.
- Det er færre innkjøpspunkt, seier Ringdal.

Lokkar bøndene

Planane om å bygge om og utvide er basert på "ein viss auke" i råstofftilgangen, i følgje Ringdal. Det betyr at han må få fleire bønder enn i dag til å levere til han.
Ringdal lokkar bøndene med ein pris på sau og lam som ligg rundt 30 prosent over nivået i jordbruksoppgjeret, og reknar med å ligge over kva hovudkonkurrenten Nortura betaler. Skulle han gå ned i pris reknar han med at litt færre vil levere til han.

Kortreist mat

Det at han både hentar dyra i nærområdet og først og fremst leverer til butikkar i regionen gjer at Ringdal profilerer seg som ein leverandør av kortreist mat.
- Det betyr veldig mykje, seier han.

Publisert: 24.09.2014 15:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38