Roger Lunde Ekornes Fredrik Ødegård Nilsen foto Ogne Ekornes
SLUTTAR: Roger Lunde blei Ekornes-sjef like før koronapandemien kom og har styrt selskapet både i opp- og nedtursperioden. Finansdirektør Fredrik Ødegård Nilsen (innfelt) er konstituert toppsjef)Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Roger Lunde går av

Sykkylving konstituert som toppsjef.

23.11.2022

Roger Lunde byrja som toppsjef i Ekorneskonsernet i februar 2020. No har han gått av.

Finansdirektør Fredrik Ødegård Nilsen blir konstituert konsernsjef, medan selskapet arbeider med å finne ein ny permanent konsernsjef, skriv selskapet i ei børsmelding.

Les børsmelding her

Koronavekst
Lunde byrja i Ekornes like før koronapandemien kom og smitteverntiltak stengte ned mykje av aktiviteten i samfunnet.

I ein kort periode våren 2020 hadde Sykkylven den høgste arbeidsløysa i landet, mellom anna på grunn av permitteringar hos Ekornes.

Etter kort tid viste det seg at når folk ikkje kunne reise brukte dei heller pengar på å pusse opp og kjøpe nye møblar. Det skapte ein boom for møbelprodusentane og gav Ekornes ein så kraftig vekst at tilgangen på arbeidskraft vart eit hovudbry for selskapet.

I år har møbeletterspørselen falle, og Ekornes har redusert arbeidsstokken.

Det blir eit krevande 2023 for Ekornes som for alle andre
Fredrik Ødegård Nilsen, konstituert konsernsjef i Ekornes

Utfordrande 2023
- Vi har hatt tre ekstraordinært gode år, seier konstituert Ekornessjef Fredrik Ødegård Nilsen om 2020-2022.

Neste år blir meir krevande, og eitt av dei vansklegaste å spå om korleis vil utvikle, seg meiner han.

- Det blir eit krevande 2023 for Ekornes som for alle andre, seier Ødegård Nilsen.

Ekornes har ikkje opplyst kor lang tid selskapet reknar med å bruk på å finne nye toppsjef.

- No fokuserer eg på å gjere så god jobb som råd, slik at styret får god tid til å finne rette kandidat seier Ødegård Nilsen.

Ødegård Nilsen er utdanna siviløkonom, fødd i 1988 og oppvaksen i Sykkylven. Han bur i Oslo og pendlar til Sykkylven. Ødegård Nilsen har arbeidd i Ekorneskonsernet sidan 2018. Han kom fra stillinga som strategisk direktør og vart finansdirektør i april 2021.

Kinesisk eigar
Då Olav Holst-Dyrnes byrja som toppsjef i Ekornes i 2014 var det eit børsnotert selskap med mange eigarar, med finansielle investorar i spissen.

23. mai 2018 overraska Ekornes både aksjemarknad og lokalsamfunn med å fortelle at selskapet skulle bli kinesisk eigd (på grunn av datafeil er artikkelen i lenka under feildatert, den blei publisert 23. mai 2018)

Holst-Dyrnes gjekk av i februar 2020 og blei erstatta av Roger Lunde.

Då Holst-Dyrnes vart tilsett var det eit poeng for selskapet å finne ein toppsjef som budde på Sunnmøre. Med Lunde fekk Ekornes ein toppsjef som ikkje budde på Sunnmøre, men pendla til Oslo.

Publisert: 23.11.2022 08:07

Sist oppdatert: 23.11.2022 10:08

Mer om