I staden for å samle analytikarkorpset i eit møterom i London, inviterte industrigiganten 90 analytikarar til Ålesund og eit to dagars kapitalmarknads-arrangement på Nordvestlandet, i går og i dag, tysdag 21. oktober.
I dag avsluttar dei arrangementet med ei omvisning på det Rolls-Royce-designa fleirbruksfartyet "Island Pride".
Mikael Makinen, toppsjef i Marine-divisjonen var godt nøgd då han entra "Island Pride", og hadde heile analytikarkorpset på dekk.
Makinen meiner det var ein glimrande ide å legge kapitalmarknadsdagane til Ålesund.
- Det er mykje betre enn å halde det i London, for eksempel, der du berre skulle sitte i eit rom og har teoretiske presentasjonar, seier han.
Eitt mål med kapitalmarknadsdagane i Ålesund er å løfte kunnskapen om Rolls-Royce si marine satsing, og vise at selskapet er meir enn ein leverandør til luftfartsindustrien. Slik Makinen ser det undervurderer mange kor stor og viktig forretning marine-divisjonen er for Rolls-Royce. Med det målet i sikte, var Ålesund den beste staden å samlast.
- Det her er vårt viktigast marine senter. Vi har investorar som kjenner til aero, altså luftfartsida, og dei forstår seg overhovud ikkje på marin. Dette er og kjem til å vere vår senter for marin, så difor la vi det her, seier Makinen.
- Svaret er at dette her er eit av dei største offshoresentra i verda, og dette er vår heim. Det er her vi har den største marknadsandelen, det er her vi har dei mest trufaste kundane og her har vi vårt engineeringsenter, seier Makinen.
Men det er for tidleg å seie noko om tidsplan og kva som blir dei konkrete konsekvensane, i følgje Makinen.
- Det veit vi ikke enno. Vi held på med å jobbe. Men eg trur det er viktig, når du ser på kostnadane, at det også er eit spørsmål om korleis du jobbar. Kan du vere meir effektiv? Og meir effektiv betyr ikkje alltid færre menneske, men du kan kanskje gjere meir, og du kan gjere det på ein annan måte enn tidlegare, seier Makinen.
- Vi har svært god kontakt med dei norske reiarane, og blir det ikkje investert i Noreg så kjem desse fartya til å jobbe i Nigeria (og andre land, red. merk), men spelar det noko rolle for oss? Vi vil jo berre selje utrustning og service, seier han.
I dag avsluttar dei arrangementet med ei omvisning på det Rolls-Royce-designa fleirbruksfartyet "Island Pride".
Mikael Makinen, toppsjef i Marine-divisjonen var godt nøgd då han entra "Island Pride", og hadde heile analytikarkorpset på dekk.
Første gang
- Vi skal sjå på fartyet, i og med at ingen av desse analytikarane nokon gong har vore ombord i eit offshorefarty. Den første reaksjonen vi har fått er korleis kan det vere så stort? Dei trudde det var like stort som ei slepebåt, men her er det snakk om eir stort farty, seier han.Makinen meiner det var ein glimrande ide å legge kapitalmarknadsdagane til Ålesund.
- Det er mykje betre enn å halde det i London, for eksempel, der du berre skulle sitte i eit rom og har teoretiske presentasjonar, seier han.
Nytt land
Nordvestlandet er i dobbel forstand nytt land for dei aller fleste, fortel Makinen.Eitt mål med kapitalmarknadsdagane i Ålesund er å løfte kunnskapen om Rolls-Royce si marine satsing, og vise at selskapet er meir enn ein leverandør til luftfartsindustrien. Slik Makinen ser det undervurderer mange kor stor og viktig forretning marine-divisjonen er for Rolls-Royce. Med det målet i sikte, var Ålesund den beste staden å samlast.
- Det her er vårt viktigast marine senter. Vi har investorar som kjenner til aero, altså luftfartsida, og dei forstår seg overhovud ikkje på marin. Dette er og kjem til å vere vår senter for marin, så difor la vi det her, seier Makinen.
Internasjonalt tyngdepunkt
Makinen er ofte på Nordvestlandet, og er vel van med å svare på spørsmål om kva Rolls-Royce har i Noreg å gjere. Kvifor i Noreg er eit vanleg spørsmål, og det dukka også opp i Ålesund.- Svaret er at dette her er eit av dei største offshoresentra i verda, og dette er vår heim. Det er her vi har den største marknadsandelen, det er her vi har dei mest trufaste kundane og her har vi vårt engineeringsenter, seier Makinen.
Uavklart om kostnadakutt
Før kapitalmarknadsdagane i Ålesund sende Rolls-Royce ut eit resultatvarsle, og det er og godt kjent at selskapet arbeider med kostnadskutt i marine-divisjonen.Men det er for tidleg å seie noko om tidsplan og kva som blir dei konkrete konsekvensane, i følgje Makinen.
- Det veit vi ikke enno. Vi held på med å jobbe. Men eg trur det er viktig, når du ser på kostnadane, at det også er eit spørsmål om korleis du jobbar. Kan du vere meir effektiv? Og meir effektiv betyr ikkje alltid færre menneske, men du kan kanskje gjere meir, og du kan gjere det på ein annan måte enn tidlegare, seier Makinen.
Fleire bein å stå på
Makinen erkjenner at fallet i oljeprisen har forsterka uvissa om kva som skjer i oljebransjen, og at prisfallet kan påverke investeringstakta i Nordsjøen. Men han åtvarar mot å sjå for mykje på kortsiktige svingingar, og peikar på at Rolls-Royce - også på Nordvestlandet - har heile verda som marknad.- Vi har svært god kontakt med dei norske reiarane, og blir det ikkje investert i Noreg så kjem desse fartya til å jobbe i Nigeria (og andre land, red. merk), men spelar det noko rolle for oss? Vi vil jo berre selje utrustning og service, seier han.
Dette her er eit av dei største offshoresentra i verda, og dette er vår heim
Publisert: 21.10.2014 17:29
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38