Rolls Royce ville kjoepe Waertsilae
MOTORAR:Wärtsilä er store på motorar, noko som er grunnen til den store interessa frå Rolls-Royce. Her Wartsila sine hovedmotorar til cruiseskipet "Oasis of the Seas".
Nytt

Rolls-Royce ville kjøpe Wärtsilä

Rolls-Royce plc prøvde å kjøpe den finske utstyrsgiganten Wärtsilä, men nådde ikkje fram. Samtalane er no avslutta.

10.01.2014
- Eg kan stadfeste at det har vore kontakt mellom Rolls-Royce plc i London og Wärtsilä, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Rolls-Royce Marine.
Ho kan derimot ikkje kommentere kvifor det ikkje vart noko av forhandlingane.
- Nei, det kan vi ikkje seie noko om.

Over 70 land

Wärtsilä har 18.900 tilsette og selskapet omsette i 2012 for 39,6 milliardar kroner.
Selskapet er etablert i over 70 land, og er av Rolls-Royce sine største konkurrentar globalt når det gjeld framdriftssystem til skip og boreriggar.
Mellom anna er Wärtsilä store på propellar, gir, fjernstyringsanlegg, frekvensomformarar og reservedeler. Konsernet driv også med reperasjon av skip.
Les meir.

Store konsekvensar

Eit eventuelt oppkjøp av Wärtsilä av Rolls-Royce plc ville dermed fått store marknadsmessige konsekvensar, og kunne også ført til nye spekulasjonar om plassering av hovedbasen for Rolls-Royce Marine.
Wärtsilä er notert på NASDAQ OMX Helsinki i Finland, og selskapet gjekk torsdag ut med ei pressmelding der ein stadfesta at selskapet hadde vorte kontakta av Rolls-Royce plc og at Rolls-Royce planla å leggje ut eit førebels bod på selskapet.

Kraftig kurshopp for Wärtsilä

Aksjekursen på Wärtsilä steig med heile 11,4 prosent torsdag etter at nyheita vart kjend, noko som tyder at marknaden forventar at det kjem nye bod.
For Rolls-Royce gjekk derimot andre vegen. Ved handleslutt torsdag var kursen ned 2,95 prosent på London-børsen.

Ehrnrooth og Wallenberg

Fleire analytikarar har uttala at Rolls-Royce truleg må betale rundt 70 milliardar kroner for å få kjøpt Wärtsilä. Det ville dermed ha vorte eit av dei aller største oppkjøpa nokon gong i den maritime industrien.
Hovedaksjonær i Wärtsilä er Ehrnrooth-familien frå Finland gjennom selskapet Fiskars, eit selskap som kontrollerer 22 prosent av aksjane i Wärtsila. Nest største aksjonær er den svenske Wallenberg-familen i Sverige gjennom familie sitt investeringsselskap Investor AB. Dei to familiane er av dei rikaste i Norden.
I ei pressemelding frå Fiskars torsdag ettermiddag vart det sagt at begge familiane ville halde fram med å vere langsiktige eigarar i Wärtsilä.

Plikt å vurdere

I børsmeldinga frå Wärtsilä vert det vist til at Wärtsilä-styret har plikt til å evaluere eventuelle bod på selskapet. Det er også gjort i dette tilfelle.
- Men, vi kan no stadfeste at det ikkje lenger er pågåande samtalar med Rolls-Royce, vert det fastslått i meldinga som er på vegne av styret.

Ålesund-kontor

Wärtsilä er i Norge representert gjennom selskapet Wärtsilä Norway AS. Selskapet har sine hovedaktivitetar på Bømlo og Stord, men har også kontor i Oslo, Trondheim, Haugesund, Karmøy, Bergen, Stavanger og Ålesund.

Publisert: 10.01.2014 21:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30