- Vår store fordel er at det er så kort avstand mellom leiarane og produksjonsarbeidarane, sa Aas under Ålesundkonferansen.
Han sa at sjølv om 75 % av dei 7.500 tilsette i Kongsberggruppa er ingeniørar eller har den bakgrunnen, er det stor interaksjon mellom ingeniørane og produksjonsarbeidarane.
- Dette samspelet mellom ingeniørar, leiarar og produksjonsarbeidarar er unikt. Du finn det ikkje mange andre stader.
-Samspelet skaper ein unik dynamikk som vi ikkje må gi slepp på. Dette er vår store fordel.
No etterlyser Aas nye innovasjonar.
- Vi treng å løfte oss til «Norge 6.0», sa han.
- Det er kompetanse vi skal leve av i framtida. Då må vi også vere best.
- Vi må få verdas beste lærestader, vi må vere best på forsking og utdanning innanfor dei områda vi er gode.
Han meinte at det spesielt innanfor det maritime ville Norge framleis ha store mulegheiter. Han rosa dei norske reiarane for å vere innovative og satse nytt.
- Norske reiarar har alltid vore dei første til å ta i bruk nytt utstyr som vi har utvikla. Dette ser vi ikkje minst i denne regionen, sa Aas.
Han meinte at det ikkje var grunn til å skulde på styresmaktene for at norske kostnader er mykje høgare enn britiske.
- Dette handlar i stor grad om at vi har vore med på arbeidstidsavtalar som er mykje betre enn på britisk side.
- Det er ein ting å inngå slike avtalar, men å kome seg ut av dei er ekstremt utfordrande, sa han.
- Det er snakk om enorme mengder dokumentasjon. Dette kostar.
- Vi er slett ikkje imot tiltak som kan betre sikkerheita, men vi stiller spørsmål ved om det dokumentasjonsveldet vi i dag ser er føremålstenleg.
Han sa at sjølv om 75 % av dei 7.500 tilsette i Kongsberggruppa er ingeniørar eller har den bakgrunnen, er det stor interaksjon mellom ingeniørane og produksjonsarbeidarane.
- Dette samspelet mellom ingeniørar, leiarar og produksjonsarbeidarar er unikt. Du finn det ikkje mange andre stader.
-Samspelet skaper ein unik dynamikk som vi ikkje må gi slepp på. Dette er vår store fordel.
Nye innovasjonar
Aas er sjølv son til den legendariske skøyteløparen Roar Aas, som på 60-talet var med på å revolusjonere norsk skøytesport, mellom anna ved å ta i bruk nytt utstyr.No etterlyser Aas nye innovasjonar.
- Vi treng å løfte oss til «Norge 6.0», sa han.
Må vere best
Han etterlyste endå meir satsing på læring og forsking.- Det er kompetanse vi skal leve av i framtida. Då må vi også vere best.
- Vi må få verdas beste lærestader, vi må vere best på forsking og utdanning innanfor dei områda vi er gode.
Han meinte at det spesielt innanfor det maritime ville Norge framleis ha store mulegheiter. Han rosa dei norske reiarane for å vere innovative og satse nytt.
- Norske reiarar har alltid vore dei første til å ta i bruk nytt utstyr som vi har utvikla. Dette ser vi ikkje minst i denne regionen, sa Aas.
Dyre avtalar
Fungerande direktør Knut Thorvaldsen i Norsk Olje og Gass vedgjekk etter direkte spørsmål under konferansen at det særnorske kostnadsnivået i Nordsjøen er ei spesiell utfordring, spesielt innanfor rigg.Han meinte at det ikkje var grunn til å skulde på styresmaktene for at norske kostnader er mykje høgare enn britiske.
- Dette handlar i stor grad om at vi har vore med på arbeidstidsavtalar som er mykje betre enn på britisk side.
- Det er ein ting å inngå slike avtalar, men å kome seg ut av dei er ekstremt utfordrande, sa han.
Dokumentasjonsvelde
Thorvaldsen meinte også at det var i ferd med å gå for langt i dokumentasjonskrava innanfor helse, miljø og sikkerheit.- Det er snakk om enorme mengder dokumentasjon. Dette kostar.
- Vi er slett ikkje imot tiltak som kan betre sikkerheita, men vi stiller spørsmål ved om det dokumentasjonsveldet vi i dag ser er føremålstenleg.
Vi treng å løfte oss til «Norge 6.0»
Publisert: 29.04.2015 10:32
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44