Russisk gjennombrot for Marin Teknikk
DESIGN: Dei russiske linebåtane vert 58,6 meter lange og vert utrusta for eit mannskap på 36 personar.
Nytt

Russisk gjennombrot for Marin Teknikk

Leverer design og oppfølging til fire russiske autolinebåtar.

22.12.2017
Herøy-selskapet Marin Teknikk har inngått kontrakt om levering av design og engineering-pakkar til fire moderne autolinefartøy til tre ulike russiske fiskeriselskap.
Båtane er 58,6 meter lange og 13 meter breie, og skal byggjast ved Severnaya Verft i St. Petersburg over ein periode på tre år, opplyser Marin Teknikk i ei pressemelding.
Dei russiske fiskeriselskapa held til i Murmansk- og Arkhangelsk-området, og Marin Teknikk har i lengre tid arbeidd for å kome seg inn i den russiske marknaden, der det er på gang ei omfattande modernisering av fiskeflåten.

Moon pool

Marin Teknikk opplyser at fartøya vil få moon pool, fabrikk til prosessering av fisk og hermetikk, stor fryselagerkapasitet, isklasse og innreiing for 36 personar.
Det vert opplyst at skrog og dieselelektrisk framdriftssystem er optimalisert for lavt brennoljeforbruk og lave utslepp.
Marin Teknikk har levert dette systemet til ei rekkje kundar, der Ervik Havfiske var først ute i 2000. No vert det også russiske leveransar.

Meir russisk linefiske

Marin Teknikk opplyser at dei russiske reiarane ønskjer å satse sterkare på linefiske, som vert rekna som den mest økologiske, berekraftige og miljøvenlege fiskemetoden.
Fartøya vert bygde for å fiske etter torsk og hyse i Barentshavet og Norskehavet, med fokus på å utnytte heile fangsten.
Fleire norske underleverandørar vil levere utstyr til fartøya.
- Vi er svært tilfreds med å lande slike avtalar som vil sikre arbeidsplasser på Marin Teknikk samt skape aktivitet ellers rundt om i det maritime miljøet. Det er også spennande å jobbe tett opp mot nye område og kulturar.
- Frå vårt utgangspunkt i Herøy er vi med på å befeste vår lokale sterke kompetanse innan fiskeri og maritim industri, og er med på å skape store verdier både i Norge og utland, fastslår Marin Teknikk i pressemeldinga.

Publisert: 22.12.2017 09:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16