Oscar almgren 22 hygge foto marius
STRANDA: I løpet av fjoråret etablerte Oscar Almgren møteplassen Hygge i Stranda sentrum. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Rydda i rekkene i tapsår

Uteguiden har vore gjennom eit berg- og dalbaneår og blitt eit konsern. No er snart ny fusjon i boks.

Marius Rosbach
25.03.2021

Manglande utlendingar på tur ga inntektssvikt og underskot for Uteguiden-verksemda til Oscar Almgren i fjor.

Selskapet fekk nær ein firedel lågare omsetning enn året i forvegen, då deira tradisjonelt viktigaste gjestar måtte bli heime grunna koronarestriksjonar.

Ifølgje rekneskapen enda omsetninga på 5,8 millionar kroner og resultat før skatt på minus drygt 700.000 (sjå tabell under med samanliknbare tal frå 2019).

Uteguiden AS
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 5,2 6,8
Driftsresultat -0,7 -0,01
Res. før skatt -0,7 -0,04

Fusjonerer inn Valldal-selskap
Uteguiden har hovudbase på Stranda, men har dei siste åra utvida verksemda til både Ålesund, Valldal og Åndalsnes.

I løpet av fjoråret gjennomførte Oscar Almgren ein konsernfunsjon mellom Uteguiden AS og Nye Uteguiden AS. Sistnemnte selskap skal drive vidare under det tidlegare namnet.

I fjor blei det også kjent at Valldal Naturopplevingar kjem innunder folden til Uteguiden.

I årsrapporten går det fram at det er planlagt fusjon med Valldal-selskapet i løpet av 2021 og Almgren opplyser til NETT NO at den på det næraste er ferdig.

Opp- og nedturar
2020 blei eit år med både opp- og nedturar for guideselskapet. Fjorårsvinteren mangla først snø, før pandemien sette ein stoppar for den delen av sesongen med største aktivitet.

– Eigentleg er vi berre glade for å kome ut av fjoråret i live, med ein heil vintersesong som gjekk i dass, sa Almgren til NETT NO i februar.

Både om sommaren i fjor og starten på vinteren i år var det bra med aktivitet – og i Valldall hadde dei ein rekordsommar.

(saka held fram under)

Uteguiden skred kurs skjermdump 11 jpg
SKREDKVELD: Skjermdump frå eitt av Uteguiden sine mange digitale arrangement i løpet av fjoråret. Selskapet opplevde stor pågang til kurs og informasjonskveldar.

Kontantstøtte og nysatsing
Sjølv om pandemien stakk kjeppar i hjula for vanleg drift, skriv Almgren i årsrapporten at den finansielle situasjonen er tilfredsstillande og sikrar vidare drift.

Guideselskapet har fått kontantstøtte frå staten og støtte frå Innovasjon Norge. I løpet av det siste året har Uteguiden også lagt om delar av drifta og etablert nye satsingar som er venta å gi auka inntekter, heiter det i rapporten.

NETT NO har mellom anna omtala inntoget i Surdeigsbakeriet på Stranda før juli fjor, populære skredkveldar på nett i vinter og meir utstyrssal i Ålesund. Almgren har også starta ungdomskafé og møtestad i Stranda sentrum.

Publisert: 25.03.2021 09:11

Sist oppdatert: 02.06.2021 16:20

Mer om