Vartdal plast jan endre sindre ingvild vartdal innfelt eldar ætre foto marius equinor 11
VARTDAL: Både søskena (f.h.) Ingvill, Sindre og Jan Endre Vartdal og Eldar Sætre (innfelt) kjem frå Vartdal-bygda i Ørsta. No blir den tidlegare konsernsjefen i Equinor styreleiar i familiekonsernet. Foto: Marius Rosbach/Equinor
Nytt

Sætre ny styreleiar i Vartdal Plast

«Stas», men også heilt naturleg, seier Vartdal-sjefen om dei to Equinor-toppane som no tek plass i styret.

Marius Rosbach
28.07.2021

Vartdal Plast har nyleg lagt bak seg nokre av sine beste år, men Ørsta-bedrifta som i 2021 feirar 60 år, vil halde fram med å utvikle seg.

No får selskapet tidlegare Equinor-sjef – og sambygding – Eldar Sætre inn som styreleiar i holdingselskapet.

I ei pressemelding frå selskapet uttaler Sætre at han gler seg til å ta fatt på oppgåva.

– Selskapet er ein solid ståstad og dei aller beste føresetnader for å utvikle seg vidare i ei berekraftig retning, i takt med kundane og samfunnet sine behov og forventingar, seier den påtroppande styreleiaren.

Får med seg anna Equinor-topp
Eldar Sætre var konsernsjef for Equinor frå 2014 til 2021, ein periode då selskapet gjekk gjennom store omveltingar. Med seg får han Henriette Undrum som styremedlem. Undrum er i dag «vice president» for Equinor si verksemd innan fornybar energi.

– Vi synes sjølvsagt det er stas at Eldar med sin lange fartstid i Equinor og den erfaringa han har med omstilling, vil ta på seg vervet. Saman med Henriette vil han tilføre kunnskap, og lang og brei erfaring til vår vidare reise. Trygg mat og energieffektive bygg vil framleis vere fokus, seier administrerande direktør Jan Endre Vartdal til NETT NO.

Om vi ikkje omstiller oss, så vil vi ikkje vere her
Jan Endre Vartdal

Meiner industrien må omstille seg
Vartdal-sjefen fortel at endringane i styret er heilt naturleg med den dreiinga bedrifta har gjort mot meir vekt på berekraftig drift.

Då trur han ikkje minst dei vil ha nytte av kunnskapane til Sætre og Undrum om endring og fornybar energi.

– Det dreier seg i botnen om å finne dei løysingane som skal til for å skape ein betre planet. Vi trur veldig på at industrien som er i dag, skal få vere her framover. Men om vi ikkje omstiller oss, så vil vi ikkje vere her, seier Vartdal.

Lagar resirkulerte produkt
I fjor starta Vartdal Plast mellom anna med innsamling av EPS, og dei har lansert sine første produkt som berre er laga av resirkulert råstoff. Gjenvinninga skjer ved deira eiga anlegg i heimkommunen.

Nyleg blei også det nye produktet «Vartdal Ringmur Loop» nominert til Byggenæringens Innovasjonspris 2021, som blir delt ut i oktober.

Podium

E8/S1 Øyvind Tørlen og Jan Endre Vartdal om bærekraft i næringslivet

Kjende ikkje Sætre frå før
Jan Endre er mellomstemann i søskenflokken på tre som også eig bedrifta.

Storesyster Ingvild Vartdal har vore styreleiar dei siste åra, og held fram som styremedlem. Den tredje av syskena, Sindre Vartdal, er produksjonssjef.

Eldar Sætre kjem frå Vartdal, men er busett i Sande i Rogaland. Vartdal-sjefen fortel at han ikkje kjende Sætre før dei innleia dialogen som rolla som styreleiar.

– Han hadde flytta frå bygda før eg blei gamal nok til å ha noko særleg kontakt med næringslivet. Men vi synes det er ekstra hyggeleg å kunne få ein slik kompetanse og erfaring frå heimbygda, legg Vartdal til.

Publisert: 28.07.2021 19:32

Sist oppdatert: 17.09.2021 09:44

Mer om