Nytt
Sa ja til Nordøyvegen
Etter ein opprivande debatt, sa fylkestinget tysdag ja til bygging av Nordøyvegen.
11.12.2018
Prosjektet er den største investeringa Møre og Romsdal fylkeskommune har gjort nokon gong.
Prosjektet vil gi fastlandssamband for rundt 2700 menneske, og føre til tettare kontakt mellom dei rundt 10 000 innbyggjarane i kommunane Haram og Sandøy.
Fylkesvegprosjektet skal gi fast vegsamband mellom øyane Lepsøya, Haramsøya, Flemsøy/Skuløy, Fjørtofta og Harøya.
Prosjektet inneber bygging av tre undersjøiske tunnelar, ein miljøtunnel og til saman tre bruer. Den lengste tunnelen blir på 5730 meter og skal gå over Nogvafjorden.
26 røysta deretter for bygging av Nordøyvegen, medan 21 røysta imot.
Kritikarane til prosjektet fryktar at prosjektet vil gå ut over andre tiltak i fylkeskommunen, ikkje minst dei vidaregåande skulane.
Fylkerådmannen har på sin side åtvare mot at prosjektet i praksis kan føre til investeringsstopp i 10-15 år framover.
Nordøyvegen har som mål å betre konkurranseevna til næringslivet på øyane, og gjere Nordøyane til eit meir attraktivt område for busetting og næringsaktivitet.
Nordøyvegen var først kostnadsrekna til ca. 3.8 milliardar kroner, men fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik meiner prisen no er på rundt 5,6 milliarder kroner.
Det er vidare berekna at brukarane av sambandet skal betale rundt 400 millionar i bompengar.
Selskapet Nordøyvegen AS er eigd av Haram kommune (43,29 %) og Sandøy kommune (41,54 %), i tillegg til mange småaksjonærar.
Prosjektet vil gi fastlandssamband for rundt 2700 menneske, og føre til tettare kontakt mellom dei rundt 10 000 innbyggjarane i kommunane Haram og Sandøy.
Fylkesvegprosjektet skal gi fast vegsamband mellom øyane Lepsøya, Haramsøya, Flemsøy/Skuløy, Fjørtofta og Harøya.
Prosjektet inneber bygging av tre undersjøiske tunnelar, ein miljøtunnel og til saman tre bruer. Den lengste tunnelen blir på 5730 meter og skal gå over Nogvafjorden.
26 - 21
I fylkestinget fremma SV forslag om å stoppe prosjektet på grunn av den økonomiske situasjonen i fylkeskommunen og risikoen i prosjektet. Framlegget fekk fire røyster og fall.26 røysta deretter for bygging av Nordøyvegen, medan 21 røysta imot.
Kritikarane til prosjektet fryktar at prosjektet vil gå ut over andre tiltak i fylkeskommunen, ikkje minst dei vidaregåande skulane.
Fylkerådmannen har på sin side åtvare mot at prosjektet i praksis kan føre til investeringsstopp i 10-15 år framover.
- Viktig for næringslivet
Men framfor ein fullsett sal av øybuarar, sa altså fleirtalet i fylekestinget ja til storprosjektet.Nordøyvegen har som mål å betre konkurranseevna til næringslivet på øyane, og gjere Nordøyane til eit meir attraktivt område for busetting og næringsaktivitet.
Nordøyvegen var først kostnadsrekna til ca. 3.8 milliardar kroner, men fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik meiner prisen no er på rundt 5,6 milliarder kroner.
400 millionar i bompengar
Midlar fylkeskommunen bruker til å drifte ferjene, går inn i prosjektet.Det er vidare berekna at brukarane av sambandet skal betale rundt 400 millionar i bompengar.
Selskapet Nordøyvegen AS er eigd av Haram kommune (43,29 %) og Sandøy kommune (41,54 %), i tillegg til mange småaksjonærar.
Publisert: 11.12.2018 11:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29