Tomislav Debeljak Karl Rosen tingretten foto Marius Rosbach
FRIFUNNE: Tomislav Debeljak (.t.v.) i retten saman med advokat Karl Rosén. Den kroatiske forretningsmannen har i lengre tid hatt eit tresifra millionkrav mot seg. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Saksøktes advokat etter frifinning: – Ein gledesdag

Påpeiker at kjempekravet har vore ei stor belasting.

Marius Rosbach
30.11.2023

Advokat Karl Rosén seier dei saksøkte etter Kleven-konkursane er svært nøgd etter at dei har lese dommen frå Hordaland tingrett som kom torsdag.

Det blir både den tidlegare Kleven-eigaren Tomislav Debeljak og forsikringsselskapet Tryg frifunne for krav på høvesvis 136 millionar og 30 millionar kroner frå konkursbuet.

– Er veldig fornøgde
Dommen legg i stor grad skulda på bankane for tapa som oppstod, og meinte dei hadde andre alternativ enn å seie opp låneavtalane med verftsselskapet.

– Vi er veldig fornøgde både på vegner av vår klient og Debeljak, som får ei god behandling av dette i domstolen. Vi meiner dommen både er velskrive og at premissane er gode, og ligg tett opp til bevisa som blei ført i saka, seier Rosén til NETT NO.

Retten konkluderer at dei ikkje finner grunnlag for at Debeljak har oppført seg aktlaust, slik buet hevdar.

– Ei stor belasting for Debeljak
I retten var Rosén kritisk til burevisoren sin rapport, som mykje av søksmålet baserte seg på. Advokaten påpeikar at rapporten knapt er nemnt i den kring 40 sider lange dommen.

I staden skriv retten at saksøker sine påstandar om verftseigaren sin oppførsel «i liten grad er nyanserte», og grunngjeve i dei faktiske forholda retten fekk lagt fram.

– Det har også vore ei stor belasting for Debeljak å bli saksøkt for dette. I det perspektivet er dommen også tilfredsstillande, seier Rosén.

Vil ikkje kommentere kutt i sakskostnader
Advokat Rosén representerte Tryg i saka som gjekk over sju dagar i Hordaland tingrett i november.

Rosén har ingen kommentar til retten si avgjerd om å ikkje dekke meir enn kring 4,1 millionar av kravet på 7,3 millionar kroner i sakskostnader.

– Det er ikkje noko vi bruker tid på i dag. Det er en gledesdag, og ikkje så interessant i det heile, seier han.

Publisert: 30.11.2023 18:31

Sist oppdatert: 30.11.2023 23:06

Mer om