Salsuksess for Hjoerundfjorden rundt
SLO AN: To reiselivsbedrifter lanserte skituren Hjørundfjorden rundt denne sesongen. Trur på fleire turar neste år. Biletet er frå breen ved Koålåstiden, ein av toppane turdeltakarane kan gå opp på undervegs.
Nytt

Salsuksess for Hjørundfjorden rundt

Skituren rundt Hjørundfjorden skapte kø hos arrangørane.

14.04.2015
Både reisearrangøren Hvitserk i Oslo og Uteguiden i Stranda arrangerte guida turar rundt Hjørundfjorden i vinter.
- Det har vore kjemperespons, Dette kjem til å bli ein av våre bestseljarar, seier Erin Nordhus i Hvitserk.
Det er første sesongen Hvitserk sel denne turen.

Selskapet har allereie sendt to grupper rundt fjorden, og planlegg ein tredje tur i slutten av april. I tillegg sette Hvitserk opp ein tur tur Romsdal for folk som ikkje kom med.

Forventingar til sommaren

Oskar Almgren driv Uteguiden på Stranda. Han har hatt ei gruppe skiløparar på trur fjorden rundt i år, og ein gruppe på halve turen, og hadde nok pågang til å ein tur til.
Opplegget hos begge arrangørane er ein tur med guide, mat og overnatting på hytter eller hotell undervegs, og moglegheiter for transport med båt eller bil om ver og rastilhøve gjer at ruta må leggast om. Prisen er frå 15.500 til 18.500 pr. person. Deltakarane bør vere i brukbar fysisk form og brukbare skiløparar, og i stand til å bere sin eigen sekk.
Den gode responsen gjer at begge selskapa kjem til å tilby skituren også neste år, men det er i sommarsesongen Almgren trur potensialet er størst.

Fjellvandrarar frå Malysia

Almgren har allreie selt fotturen rundt fjorden til ei gruppe frå Malaysia og ei gruppe frå Italia. Italienerane vil forøvrig ta turen som ein springetur mellom overnattingstadane, men ellers er opplegget det same.
- Sommarturane trur eg det er eit finst eit stort potensiale for, og spesielt hos dei utanlandske turistane, seier Almgren.

Stoppar på Bjørke

Hjørundfjorden rundt gir ei kjærkomen inntekt for Hjørundfjorden Adventures, som driv vandrarheim på Bjørke.
- Det er gledeleg å sjå at allereie i år har Hjørundfjorden rundt blitt populært både i Noreg og utanom landegrensene, seier dagleg leiar Jarle Myklebust, som starta bedrifta saman med Ola Jon Mork og Svein Otto Melheim.
Myklebust trur på fleire kjem til å gå fjorden rundt på ski, men deler Almgren si vurdering om at potensialet er størst på sommarstid.
Den tre år gamle bedrifta inst i Hjørundfjorden vart starta som ei turistbedrift, men husa i starten anleggsarbeidarar. 2014-tala er prega av at anleggsperioden tok slutt og turistverksemda vart den viktigaste. Inntektene fall og investeringar for å gjere den tidlegare anleggsriggen om til vandrarheim tyngjer på kostnadsida. (sjå tabell).
På sommarstid bli vandrarheimen open for vanleg drift i tre månaders. Utanom høgsesongen er opplegget å halde ope på førespurnad, slik som til dømes for grupper som går Hjørundfjorden rundt. Selskapet baserer seg på å leige inn folk når det er behov, men i sommarsesongen er planen å tilsette ein drivar.

Publisert: 14.04.2015 10:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:43